Arrangementet på Ulstein bibliotek torsdagskvelden var eit samarbeid mellom biblioteket og Den kulturelle spaserstokk. Det samla seg om lag 60 stykke for å høyre forfattar Marit Kaldhol og Cohen-attdiktar Odd Goksøyr ta for seg den canadiske forfattaren og musikaren. Kven var han eigenleg?

Hydra og Marianne

Odd Goksøyr starta med å fortelje historia om korleis Leonard Cohen for femti år sidan vakna opp på den greske øya Hydra. Den norske kjærasten Marianne Ihlen slo opp vindauget etter han hadde ligge sjuk. Og der skal visstnok fuglane ha sitte på strengane utanfor slik at dei danna melodien til «Bird on the Wire». Så song Goksøyr denne songen, meisterleg attdikta av han sjølv til nynorsk.

Goksøyr er ein stor Cohen-entusiast og har attdikta mange av songane hans. Han framførte fleire av desse songane.

Religiøs mann

– Eg er veldig glad for at eg fekk kome hit, det er som å kome heim, opna Kaldhol føredraget sitt med.

Ho fortalde historia om livet til Cohen. Me fekk høyre om kjærleiken, kvinnene, tida på Hydra, livet i kloster og turnelivet, men ho analyserte også tekstane hans.

Leonard Cohen var fødd inn i ein borgarleg jødisk familie, noko som tydeleg prega han. Cohen tyder prest, og han vart oppdratt til å vite det og ramse opp heile den jødiske slekta si.

Cohen skal ha sagt at han aldri kjende trong for å gjere opprør, men Kaldhol har tenkt at det at han ikkje vart rabbinar var eit slags opprør.

Det er åndelege tema han diktar og syng om, men det er ikkje alltid det me høyrer.

Trekant med Gud

Kaldhol meinte at jo meir fengande og fine melodiane hans er, jo dystrare og tyngre er teksten.

«Dance me to the end of love» er nok ein song mange har dansa til og tenkt at det handlar om kjærleiken mellom mann og kvinne, men der er også noko meir. Cohen syng om den brennande fiolinen. Kaldhol fortalde om korleis jødiske musikarar under krigen vart sette til å spele i konsentrasjonsleirane medan jødar vart brente. Han syng «dance me to the beauty», men kvar er det? Er ikkje det himmelen?

I «Suzanne» skildrar han ei naken kvinne. – Så kjem Jesus poppande opp i dette biletet, sa Kaldhol og tok for seg korleis teksten utvikla seg. – Han gjer den kroppslege kjærleiken til noko religiøst, sa ho.

– Det er ørten nakne kvinner i denne forfattarskapen, han klarer å skape ei forbinding mellom det erotiske og åndelege, sa ho og meinte at det vart ein slags trekant mellom to menneske og Gud.

Uroleg sjel

Cohen var ei uroleg sjel. Han reiste mykje og budde fleire stader. Han gifta seg aldri, men var i lag med fleire kvinner. Vart eit forhold trygt, avslutta han det.

Han var nervøs for å ikkje vere god nok. Når han skulle spele inn plater tenkte han at musikarane lo av han.

Heilt frå unge år sleit Cohen med depresjon. I periodar greidde han knapt gjere anna enn å liggje på sofaen. For å døyve smertene rusa han seg på alkohol og narkotika, og det kan til tider vere vanskeleg å vite kva som er årsak og verknad for problema.

I seks år levde han i eit zen-kloster der han fekk ro. Deretter levde han eit år i Mumbai. Han syntest ikkje det var problematisk å leve i eit buddhistisk kloster, og deretter med hinduisme, samtidig som han var jøde heile tida. Det var ingen motsetnad, meinte han.

– Han hadde eit ope sinn. det var plass til det heilage i livet hans, sa Kaldhol og såg heilt tydeleg at han var klar for å døy på den siste plata hans som kom ut i 2016, same år som han døydde.

Songane: Odd Goksøyr starta og avslutta kvelden med å syngje fleire av songane, attdikta til nynorsk. Han song om at du kan samle opp delane, men det blir aldri heilt. Foto: Ingvild Aursøy Måseide