ADBlue blir brukt til å redusere NOx-utslepp i køyretøy med SCR-teknologi, skriv Yara på nettsida sin. AdBlue omdannar skadeleg Nox frå dieseleksosen til nitrogen og damp, noko som får ned utsleppa av NOx.

ADBlue er ikkje eit drivstoff eller eit tilsetningsstoff til drivstoff, men noko som blir fylt på ein eigen tank på køyretøyet. Det er ikkje brennbart eller eksplosivt.

Det er kommuneadministrasjonen som har gjort vedtak i denne saka. Eigedomen er regulert til serviceområde/bensinstasjon. Kommunen gir fritak frå å nabovarsle, då tiltaket i liten grad påverkar nabointeresser.