19. august 1973 forliste MS Asbjørn. Skuta ligg no på 70-80 meters djup 24 nautiske mil nordaust for Hopen.

Fredagskvelden fortalde Idar Eklund den dramatiske historia om då han som sekstenåring var med på forliset. Heldigvis var MS Flømann i nærleiken, og fekk berga mannskapet frå MS Asbjørn over i MS Flømann. Eklund sa til forsamlinga på Ishavsmuseet Aarvak at han dei hadde overlevd om det ikkje var for Flømann.

I salen sat det fleire som var mannskap på Flømann den gongen. Det vart eit hjarteleg gjensyn mellom dei og Eklund. Dei hadde opplevd stor dramatikk den gongen, for snart 45 år sidan, men dei hadde galgenhumor på det.

– Han fekk låne buksa mi, fortalde Roar Dimmen.

– Fekk du ho igjen, ville ein annan vite.

– Nei, lo Dimmen og resten av karane.

Les meir om polarkvelden og gjensynet i tysdagsavisa.