Alv Ottar Folkestad svarer på om han ser det ironiske i at han mista lam til ørna i fjor. Knapt nokon andre her i landet veit meir om ørner enn han. Denne februarformiddagen kjem han gåande ned bakken mot huset på Aursneset i Eiksund med heile villsauflokken på slep. Flokken tel rundt femti dyr, mange av dei er drektige og skal lamme til våren.

–Dei såg sjansen til å få seg eit kjapt og billig måltid, seier Folkestad, og snakkar om det som skjedde nokre dagar midt i lamminga i fjor vår. Då tok kongeørna fleire nyfødde lam.

– Det hadde seg slik at det i løpet av to timar kom to hundar som jaga saueflokken min utpå neset her, seier Folkestad, og peikar ut mot Aursnestangen.

Sauene nekta å kome tilbake frå neset, og i løpet av nokre dagar lamma fleire av sauene.

– Villsauer er elles flinke til å finne ly når dei skal lamme, men ute på neset er det berre lyngmark og ingen tre eller steinar å gøyme seg ved, fortel han.

Fem nyfødde lam vart tekne av kongeørn i løpet av dagane flokken heldt til på neset.

– Eg såg det var to kongeørner som sirkla i området. Og det er ganske typisk, ørna veit å utnytte dei sårbare situasjonane, seier Folkestad.

Fekk erstatning

Alv Ottar Folkestad er ein av tre på ytre Søre Sunnmøre som fekk tilkjent rovvilterstatning for fjoråret. Han får erstatta fire lam, og får 9.400 kroner frå fylkesmannen.

André Gjerde frå Hareid får erstatta to lam, som vart tekne av jerv då dei gjekk på sommarbeite i Ulvådalen i Rauma. Kjetil Jørn Bakken frå Gurskøy får også erstatning for tap av to lam: eitt som vart teke av kongeørn på Gurskøya, og eitt som vart teke på sommarbeite i Ulvådalen.

Tilbake på Aursneset skal saueflokken få noko godt å ete etter å ha vorte lokka til heimebøen.

– Sjå på henne der, ho heiter Ørnhild, seier Folkestad og peikar på eit av dyra.

– Ho har ikkje øyre, dei mista ho då ho vart angripen av ei ørn for eit par år sidan. Heldigvis oppdaga eg det og fekk jaga vekk fuglen, seier han.

Får godbitar

I eit tre har Folkestad hengt opp ei stor, gul bøtte som er full av havre og kraftfôr. Innhaldet, som han tømmer i store plastkar, vert teke imot med stor iver. Og sauene er ikkje villare enn at dei et frå handa til eigaren. Han har hatt sau i snart førti år, først kvitsau så villsau.

– Det har skjedd før, men det er ikkje ofte kongeørn går til åtak på saueflokken. Før det som skjedde i fjor, har kongeørna teke to nyfødde lam frå meg ... men sjå, her har vi no ei kongeørn!, utbryt han og peikar mot knallblå februarhimmel. Og der, som bestilt, kjem ei ørn glidande. Folkestad slår raskt fast at dette er ein ungfugl. Den store fuglen flyg nedover mot sjøen.

– Her er i alle fall tre par med kongeørn som er busette og hekkar innanfor rekkevidde. Og så er det nokre ungfuglar som streifar forbi, det er gjerne dei som går til åtak på sauene, fortel han.

Kva med havørna, som vel er ditt hjartebarn, tek ho sau?

– Nei, eg har aldri vore borti at havørna har teke lam. Faktisk er det på landsbasis vorte undersøkt rundt 170 tusen kadaver dei siste 35 åra, ingen er tekne av havørn.

Om halvannan månad startar årets lamming. Alv Ottar Folkestad håper det ikkje skjer igjen det som skjedde i fjor.

– Dei klarer seg sjølve og søkjer ut i krattskogen når dei skal lamme, fortel han.