– Eg har fått jobba utruleg godt etter eg kom hit. Eg hadde med meg mykje uferdig arbeid som eg har fått arbeidd med. Ein får ein eigen ro her på Flø. Eg skulle gjerne ha vore her mykje lenger. Gjerne ein heil månad! Eller to, eller tre, smiler Javier Barrios og synest han er privilegert som får vere på Flø ein periode å berre konsentrere seg om å lage kunst.

Til vanleg bur han i Oslo og har atelier på Vestfossen. Han har også bak seg tre år i New York. Og han har hatt atelier i Guatemala.

Barrios kom til Flø på måndag og blir til sundag. Deretter skal han ha utstilling i Antwerpen i Belgia, deretter Mexico, så han er ein travelt opptatt mann.

– Er det bileta du lagar no på Flø som du vil stille ut i Antwerpen og Mexico?

– Nei, når eg arbeider fram mot ei utstilling arbeider eg meir spesifikt. Ei utstilling krev mykje planlegging. No berre måler eg for å kose meg, svarer Barrios, og legg til at han no prøver ut forskjellig han er interessert i. Han tar seg større fridomar enn når han arbeider fram mot ei utstilling, og løyser ting etter kvart.

– Du blir ikkje inspirert av Flø når du står her og måler?

– Jo, sjølvsagt! Det er så fantastiske fjell her, svarer han, og ser ikkje vekk frå at idear han får her blir vidareført til framtidige kunstutstillingar.

– Endeleg

Det var i samband med tiårsjubileet for Studio Hugo Opdal at galleristen tenkte at han måtte tenkje nytt. Møre og Romsdal var einaste fylket som ikkje hadde ordninga «Artist in residence», der ein kunstnar kjem for ein periode og arbeider, så kan folk kome å sjå korleis ein kunstnar arbeider.

Hugo Opdal fekk tilslag våren 2017, men det har fått tid å få tak i ein kunstnar til å kome. Mange har meldt interesse, men det har vore vanskeleg for dei å få det til å passe inn planane deira.

Barrios fortel at etter han kom til Flø denne veka la han ut bilete på Instagram, og då var det fleire lurte på korleis dei kunne få vere kunstnar på Flø. Opdal er open for at alle slags kunstnarar kan kome. Gjerne også forfattarar.

Sundag blir det ope studio der folk kan sjå kunstnaren i arbeid, og sal av kunsten han har laga ferdig.