I sommar signerte dei to ordførarane Anders Riise og Knut Erik Engh ein avtale om å slå saman brannvesena i Hareid og Ulstein. Sidan nyttår har Hareid og Ulstein hatt eit felles brannvesen, med Olav Helt Brubakk som brannsjef.

Ulstein kommune vart vald som vertskommune for samarbeidet. Avtalen slår også fast at det skal vere eigen brannstasjon i kvar kommune.

Men Ulstein Høgre er ikkje nøgde med denne ordninga. Dei hadde sett for seg at utgiftene til brannvern gjekk ned då dei slo saman brannverna, i alle fall ikkje gjekk opp.

Over to millionar dyrare

Då Ulstein kommunestyre handsama denne sak i juni 2017 kom det ikkje fram kor mykje samanslåinga ville koste Ulstein kommune. Det stod berre at det skulle takast med under arbeidet med økonomiplanen for neste år.

Under arbeidet med økonomiplanen i november/desember kom det opp at Ulstein kommune vil få ein årleg ekstrakostnad på 2,14 millionar kroner.

Dette provoserte Ulstein Høgre. Dei meiner saka vart behandla på feil grunnlag. Så på kommunestyremøtet i desember fremja dei eit oversendingsframlegg der dei ber om at «Interkommunalt samarbeid – brannvern med Hareid kommune» blir tatt opp.

Dette oversendingsframlegget vart samrøystes vedteke.

– Ulstein kommunestyre har den formeininga at når det gjeld interkommunalt samarbeid, må ein ta ut synergi- og effektiviseringsgevinstar, og ikkje auka kostnader, heiter det i vedtaket.

Direkte til formannskapet

Oversendingsframlegg skal gå direkte frå kommunestyret til formannskapet. Saka blir difor lagt fram utan tilråding.

Ulstein formannskap har møte i dag, tysdag, og då skal denne saka opp.

– Ser du det som realistisk at Ulstein kommune avsluttar samarbeidet?

– Nei, ut frå min ståstad er det ikkje det. Me får sjå kva dette bringar. Saka kjem opp på initiativ frå Høgre, så me får sjå kva dei seier og kva dei vil med saka. Men samarbeidet er oppe og går, eg trur ikkje det er realistisk at me avsluttar det no, kommenterer ordførar Knut Erik Engh til Vikebladet Vestposten.