I dag er det berre fem fylke som har eigne mobbeombod. Frå hausten ønskjer regjeringa å utvida ordninga til alle fylke. I den samanhengen er det lagt opp til eit spleiselag mellom fylkeskommunane og staten.

På statsbudsjettet for 2018 er det totalt sett av fire millionar kroner til å dekkja dei statlege kostnadane.

Samtidig med at det blir innført mobbeombod i alle fylke, blir det også sett i gang ei evaluering av ordninga.

– Fylkesvise mobbeombod er ein viktig start. Så skal evalueringa gje innspel til korleis ombodsordninga bør innrettast i dei nye regionane etter 2020. Målet er å få på plass eit varig, oversiktleg og tilgjengeleg ombodssystem for barnehagebarn, elevar og foreldre, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).