– Han har absolutt dette fotografblikket, han har auge for eit godt motiv og ein god situasjon.

Det er måndag formiddag på kontoret til fotograf Per Eide i Ulsteinvik. Han rosar Karrar Al-Azzawi (23) for bilda han tok i Hellas. Saman har dei plukka ut og bearbeidd bilda som skal stillast ut på biblioteket.

– Vi har plukka ut 53 bilde, fortel Al-Azzawi.

– Det er svært sterke og rørande motiv, meiner Eide.

På dataskjermen blar han gjennom bilda, mange av dei har fanga borna sin kvardag i flyktningleirane.

Asylsøkjar

Det har gått to år sidan Karrar Al-Azzawi flykta frå den irakiske hovudstaden Bagdad. Frå Tyrkia gjekk ferda i båt over til Hellas, der han i eitt år budde i to ulike flyktningleirar: ein leir som var driven av frivillige og ein leir som var driven av militære.

– I den militære leiren var det strengt forbode å fotografere. Eg tok likevel bilde, men måtte gøyme kameraet for ikkje å verte oppdaga, fortel han og peikar på eitt av bilda.

– I dette området var det mange menneskesmuglarar. Ein ven av meg vart truga av desse folka fordi han hadde snakka med ein journalist.

Vart du nokon gong oppdaga?

– Eg vart teken av politiet ein gong, då sat eg i avhøyr i fire timar. Men eg fekk behalde fotoutstyret, fortel 23-åringen.

For snart eit år sidan kom han til Noreg. No bur han på asylmottaket i Ulsteinvik saman med systera på fjorten år.

«Gløymt»

Utstillinga, som opnar laurdag, har fått namnet «Gløymt». I biblioteket i Ulsteinvik skal det byggast opp ein slags flyktningleir. Det er elevar frå Sunnmøre folkehøgskule som skal lage til kulissene.

– Det skal vere eitt hovudbilde og så mange mindre bilde som fortel ulike historier, seier Per Eide.

På opninga vil Karrar fortelje litt om bilda. Han håper det kjem mange for å sjå utstillinga.

– Men det er ikkje aktuelt å selje bilda. Eg vil ikkje tene pengar på andre si smerte, seier han, og tenkjer på alle han tok bilde av i flyktningleirane.

gløymt: Fotoutstillinga har fått namnet «Gløymt». FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem