Etter Ranja Dimmen Alme på eit formannskapsmøte i vinter hadde med seg ein stor stein som ein geolog lett hadde pirka laus i Engeskartunnelen under ei synfaring, meinte Hareid formannskap at noko måtte skje.

I februar vedtok dei å råde kommunestyret til å gjere ein reinsk av Engeskartunnelen med tilhøyrande bergsikring. Dei støttar seg til rapporten frå Asplan Viak. Der blir det skissert to løysingar. Etter framlegg frå ordførar Anders Riise vedtok formannskapet å gå for løysinga med tosidig bergskjering. Eksisterande portal skal rivast og det skal etablerast vatn- og frostsikring gjennom heile tunnelen. Tiltaket skal utførast i 2018, heiter det tilrådinga frå formannskapet til kommunestyret.

Kostnadsramma for dette er på 6,25 millionar kroner inkl. MVA. Tilrådinga frå Bent Arild Grytten, rådgjevar for sektor for samfunnsutvikling i Hareid kommune, var å utvide og utbetre eksisterande tunnel, noko som ville koste 5 millionar kroner inkl. MVA.

Frp ønskte nærare utgreiing

Framlegget til Riise vart vedteke i formannskapet mot to røyster, dei to røystene til Oskar Grimstad og Jeanette Teigene i Framstegspartiet. Dei ville be om ei nærmare utgreiing av dei to alternativa før endeleg konklusjon. Men dei vart røysta ned.

Istappar i taket

Fordelen med å fjerne tunneltaket er at ein slepp problemet med at det dannar seg istappar som kan ramle ned. Ein slepp også faren for at det ramlar ned stein frå taket. Med tosidig beskjæring slepp ein vedlikehaldsarbeidet som ligg til ein tunnel. Og det blir også lettare for høge køyretøy å ta seg gjennom tunnelen.

Men fleire reagerer på denne store endringa av området. Eksisterande stiar og vegar som er gamle ferdselsårer over skaret vil bli delvis fjerna og avskorne. – Ein må anta at det vil vere behov for sikringstiltak. Samla sett vert dette ein noko høgare kostnad, i alle høve på kort sikt, heiter det i sakspapira til kommunestyret.

Rådmannen i Hareid meiner det er betre å utbetre eksisterande tunnel.

Det står att å sjå kva Hareid kommunestyre landar på torsdagskvelden.

Les også: