Det er i eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet dei 15 advokatane ber om at domstolsgrensene for Søre Sunnmøre tingrett blir utvida.

”Vi meiner Søre Sunnmøre tingrett har ein svært viktig og sentral funksjon for befolkninga på Søre Sunnmøre.

Tingretten er også svært viktig for å oppretthalde eit godt advokattilbod for folket på Søre Sunnmøre. Vi viser til at dei aller fleste advokatkontor i Norge er etablert i nærleiken av ein tingrett”, skriv advokatane i brevet.

Dei 15 advokatane meiner det er uheldig at tingretten i Volda ikkje har tingrettsdommarstilling som den burde hatt i høve saksmengde og befolkningsgrunnlag.

Dei meiner også det ville vere naturleg å utvide domstolsgrensene slik at dei også omfattar Ulstein og Hareid.

”Domstolen vil då få eit befolkningsgrunnlag på ca. 50.000 noko som vil gje brukarane ei meir naturleg tilhøyrsle med omsyn til reiseavstand.

Samfunnet har investert store midlar i betra infrastruktur på Søre Sunnmøre ved bygginga av Eiksundsambandet. Dette har ført til at Ulstein og Hareid har fått fastlandssamband til Volda og kort reiseavstand til Søre Sunnmøre tingrett. Frå Ulstein og Hareid til Ålesund er ein derimot avhengig av ferje, og langt lengre reisetid”, heiter det i brevet.

Bakgrunnen for brevet er at regjeringa har oppretta eit utval som skal greie ut domstolane si organisering. Dei skal gje si innstilling til departementet innan 11. august 2020.

Det er Espen Rekkedal, Cathrin Lid Heilund, Linda Brevik, Cecilie Langva, Thore Heggen, Per Maurset, Lars E. Sande, Per Kjetil Stautland, Nina Prestegarden Vatne, Hege Stenkløv, Reidar Blom, Thomas Lundberg, Roy Henning Haddal, Atgeir Almestad og Jørund Knardal som har skrive under på brevet.