Onsdag ettermiddag blei det klart, etter at eit vedtak blei gjort i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, at Polarstar får 150.000 kroner i fartøyvernmidlar. Ein av tilhøyrarane var Hareid-ordførar Anders Riise (H).

- Dette er ei velfortent støtte, og eit viktig signal frå Møre og Romsdal fylkeskommune, seier Riise til Vikebladet Vestposten og legg til:

- Fylkeskommunen er igjen med på å støtte opp om det museale arbeidet kring den viktige selfangsthistoria, og ikkje minst er dette ei viktig støtte til Willy Nesset, som privat har tatt på seg dette fenomenale restaureringsarbeidet.

Nesset har tidlegare estimert at det har kosta rundt 20 millionar kroner å få Polarstar i den standen skuta er i no.