Før leiaren i kontrollutvalet fekk ordet for å orientere, presiserte ordførar Knut Erik Engh (Frp) at han ikkje opna for debatt i denne saka. Det får bli på kommunestyremøtet i mai, etter kontrollutvalet har avslutta saka si. Saka er førebels ikkje ferdighandsama. Han opna berre for spørsmål.

Mork var der etter initiativ frå Pål Grødahl (V), og Grødahl var den første som stilte spørsmål. Han syntest det verka som ei alvorleg sak etter oppslaget i avisa og vedtaka til kontrollutvalet. Denne saka blir diskutert mange stader. Han kommenterte også at ordføraren hadde uttalt seg i avisa. Det juridiske var i orden, men ordføraren sa ikkje noko om det etiske, kommenterte Grødahl.

– No beveger du deg inn i saka. Eg har opna for ei orientering. Du kan spørje om noko er uklart, braut Engh inn.

– Eg kjem til det etter kvart, repliserte Grødahl og heldt fram. Han viste til §3 i det etiske regelverket til kommunen som seier at rådmannen «skal utøve leiarskap basert på høg etisk standard», og at han skal «opptre slik at innbyggjarane får tillit og god haldning til kommunen». Grødahl meinte ein må ta etikken til kommunens øvste leiar på alvor.

– Pål, du må hoppe fram til kva som er uklart. Eg føler at du beveger deg inn i saka, braut Engh inn igjen.

Til det svara Grødahl at det er ein demokratisk rett å stille spørsmål på ein grundig måte. Han rekna med at det siste skrivet som Einar Vik Arset har levert til både kontrollutvalet og media var ope, og ville stille spørsmål til det.

– Pål, no er du inne i saka, sa Engh og minne om at det ikkje var opna for debatt.

Då sa Grødahl at det er over to månader til dei får diskutere saka i kommunestyret. Venstre er bekymra over at denne saka skal halde på så lenge. Han las opp §7 i dei etiske retningslinjene som seier at «Tilsette og folkevalde skal til ei kvar tid og ved eit kvart høve unngå å kome i situasjonar som kan føre til konflikt mellom kommunens interesser og personlege interesser.»

Arset er inne i fleire selskap. På kommunestyremøtet i februar var det oppe ei sak om utbygging av Saunes 2. Der var rådmannen ugild, så Hareid kommune hadde førebudd saka for Ulstein. Men rådmannen tredde ikkje frå under møtet. Det var heller ikkje representantar frå Hareid til stade på møtet for å svare på spørsmål. Grødahl vil be kontrollutvalet sjå på om dette vart gjort rett for seg. Vidare oppmoda han kontrollutvalet til å sjå på dei samla næringsinteressene til rådmannen. Og han vil vite kva andre kommunar Arset har seld tenester til.

Mork sa at det er ope for kven som helst å be kontrollutvalet vurdere saker. Så er det opp til kontrollutvalet kva dei vil prioritere å jobbe med. Dei diskuterer fleire saker som ikkje blir ei sak, for det viser seg at det ikkje er substans i dei.

– Grei rettesnor

Mork fortalde at kven som helst kan krevje å få eit offentleg dokument i eit format så det kan redigerast, det har sivilombodsmannen slått fast. Kven som helst kan selje slike dokument vidare, det er ikkje noko juridisk gale gjort.

Så er det etikken i det, og han er vanskelegare. Mork fortalde at då han fekk folkevaldopplæring i Ulstein lærte han at om ein var i tvil om noko var rett å gjere skulle ein tenkje om det var noko ein syntest var greitt at stod i avisa dagen etter. Er det ikkje greitt, bør ein la vere å gjere det.