Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med informasjonsavdelinga til Sjøforsvaret og Etterretningsstenesta, men har så langt ikkje fått stadfesta kva skipet gjer på våre trakter.

Det som er godt kjent frå før er at dette skipet, med dei spesielle radarkulene på taket, heiter FS «Marjata».

FS «Marjata» er eit norsk forskingsfartøy for Forsvaret, som blei døypt av statsminister Erna Solberg 6. desember 2014.

Kosta 1,5 milliardar kroner

Folk frå etterretningstenesta utgjer mannskapet om bord på skipet, som driv etterretning i Nordområda. Skipet blir ofte kalla for eit spionskip i media, men i realiteten er det vanskeleg å vite nøyaktig kva skipet blir nytta til, då alt av informasjon kring det er hemmelegstempla.

Skroget til det 126 meter lange og 23,5 meter breie skipet blei bygd ved Vard Tulcea i Romania, men sjølve skipet blei sett saman ved Vard Langsten i Romsdal, og hadde ei kostnadsramme på 1,5 milliardar kroner.

Som ein ser av dette kartet frå Marinetraffic.com, frå rundt same tidspunkt som biletet blei tatt, er skipet ingen stad å sjå. Vanlegvis hadde eit ikon vore synleg der sirkelen er teikna inn. Foto: Skjermdump/Marinetraffic.com.