I framlegget til kommuneplanen sin arealdel 2017–2029 ligg det inne ein grusa tursti heilt opp til toppen av Hasundhornet. Det kom fram under formannskapsmøtet i Ulstein denne veka.

Stien skal ikkje vere køyrbar og vil ikkje følgje krava til universell utforming. Han vil følgje formasjonen på fjellet, og såleis bli brattare enn krava til universell utforming. Men der blir nok mogleg å trille ei barnevogn til dømes.