Magne Grimstad (Ap) møtte som vara for Renathe Rossi-Kaldhol (Ap). Men på starten av møtet tok han ordet og bad om å få vurdert gildskapen sin i tre saker som skulle opp den dagen. Dette vart gjort tidleg i møtet, så det skulle vere mogleg å kalle inn ein eventuell vara for han i desse sakene.

Magne Grimstad er styreleiar i Ulstein KFUK-KFUM, som eig Fredheim. Dei har søkt om fritak frå å betale eigedomsskatt. Spørsmålet var då om Grimstad kunne vere med å handsame saka om søknader om fritak frå eigedomsskatt i formannskapet?

Den andre saka han ville ha vurdert gildskapen sin i var finansiering av gangpassasje mot sjø rundt utbygg til trinn to av Sjøsida. Osberget AS, der Grimstad er dagleg leiar, har i oppdrag å lage nettside til Ulsteinvik Utvikling, som er utbyggjar av Sjøsida.

Den tredje saka var søknaden frå Ulstein Næringslag om støtte til drift. Grimstad sit ikkje i noko styre her, men Osberget AS er medlem i næringslaget.

Ugild i ei av tre saker

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) meinte at Grimstad ikkje var ugild. Han meinte ein skal vere forsiktig med å gjere folk ugilde på tynt grunnlag. Ulstein er ein lita kommune, men det var opp til formannskapet å vurdere.

Men Pål Grødahl (V) rosa Grimstad for at han tok opp gildskapen sin. Han såg det som mest ryddig om Grimstad tredde frå møtet i desse sakene. Om Grimstad kjende det ukomfortabelt å vere med på desse sakene, burde han få tre ifrå. Om ein er i tvil er det betre å vere på den rette sida. Dette handlar ikkje berre om kva som er juridisk rett, også kva folk oppfattar det som. Dette gjeld kommunen sitt omdøme.

Rådmann Einar Vik Arset sa at om det ikkje blir utviding av Sjøsida blir det vel heller ikkje noko nettside, så på det viset kan Grimstad ha interesse der.

Formannskapet fann Grimstad ugild i eigedomsskatt-saka, ikkje i Sjøsida (to mot fem) og ikkje i saka om støtte til næringslaget.

Torvik var også ugild

Steinar Torvik (KrF) sit i styret for Sundgot bedehus. Dei har også søkt om fritak for eigedomsskatt for. Han vart også vurdert som ugild.

Kari Warholm (H) vart kalla inn som vara for Grimstad, men ho var også ugild (som medlem i klagenemnda). Så kom Egil Ulfstein (H) og Trond Berg (KrF) og var med på vedtaket.

Ingen bad om ordet, og tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.