Trenar Kenneth Moldskred (biletet) og hans Hareid-lag reiser til Spjelkavik laurdag for å spele kvalifiseringskamp til NM. Hareid møter 3. divisjonslaget Spjelkavik, i det som garantert blir eit tøft oppgjer.

– Vi ser på denne kampen som ein start å jobbe vidare ut ifrå, heller enn ein viktig enkeltkamp, seier trenar Moldskred til Vikebladet Vestposten.

Ønskjer positiv utvikling

Moldskred trur det kan bli eit tøft oppgjer, spesielt med tanke på forskjellen i rutine og nivået klubbane speler på til vanleg.

- Det er relativt "feige lag" i forhold til kvantitet, alder/rutine og kvalitet per no. Cupeventyr trur eg ligg litt framme i løypa. Vår utfordring og målsetnad er å sette saman eit lag og ei gruppe som ved mykje og god trening, vidare held fram å utvikle seg positivt gjennom sesongen, seier Moldskred.