Ein mann i slutten av tenåra vart berga ut av eit bustadhus i Haddal tidleg laurdag morgon.

Ifølgje politiet rykte naudetatane ut til huset i 0530-tida etter melding om røykutvikling.

Mannen vart sendt til legesjekk etter å ha vore eksponert for røyk.

Ifølgje Sunnmørsposten var matlaging årsaka til røykutviklinga.