Musikklaget Ulf rykkjer opp til 3. divisjon etter at dei laurdag vann 4. divisjon i NM for janitsjarkorps.

Korpset slo Musikklaget Brage med eitt poeng.

Dommarane skriv mellom anna følgjande om Ulf: "Dette var moro! Så mye vilje i spillet.Energi. Godt forberedt og ledet. Tusen takk for kjempefin framføring!"

Styreleiar Bjørn Skodjevåg fortel at dei alltid har trua når dei deltek i NM.

- Men det er mange dyktige korps å konkurrere mot, og ekstra stas å nå heilt til topp i år! Det har vore nokon utfordringar med sjukdom og besetning i år, så vi er alle veldig stolte av 1.plassen, seier han.

Mangeårig dirigent og Ulf-medlem, Terje Eiken, skriv følgjande på facebooksida til korpset:

"For å sette Ulf sin prestasjon i eit "nytt" lys: korpsa i elitedivisjonen er av dei beste i Europa, altså på linje med å vinne Champion league. Å vinne 4. divisjon er på linje med det å vinne eliteserien i fotball i Norge."

Sigeren i fjerde divisjon gjer at korpset neste år rykkjer opp og får konkurrere i tredje divisjon.

- Det gler vi oss til, til å spele i same divisjon som både Ålesund ungdomsmusikkorps, Musikklaget Brage og Tresfjord janitsjar, seier Bjørn Skodjevåg.