Skrive av Iver Vattøy

Laurdag ettermiddag gjesta Hareid Spjelkavik stadion i første kvalifiseringsrunde i NM. Gjestane mønstra ein særs ung ellevar med ein gjennomsnittsalder på 18 år i møtet med 3.divisjonslaget.

To raske mål

Spjelkavik gjekk rett i strupen på gjestane, og kom tidlig til eit par halvsjansar.

Fem minutt ut i kampen fekk vertane sin andre corner i kampen, i feltet ruva Spjelkavik-spelar Elias Dahlberg høgast og sendte heimelaget i føringa.

Vertane køyrde kampen, og berre nokre minutt seinare la Lars Austnes på til 2-0.

Brende straffe

Gjestane sleit med det vaksne Spjelkavik-spelet, men etter sjokkopninga kom Hareid meir med i kampen.

Dryge 15 minutt ut i kampen kombinerte Bendik Engen  og August Brandal fint langs høgrekanten.

Sistnemnde trakk innover i bana før han vart felt inne i 16-meteren.

Dommaren var ikkje i tvil og peika bestemt på straffemerket. Kaptein Ola Kalvø Vattøy sendte keeper feil veg, men sette ballen i stolpen.

Endå eit mål

Utover i 2.omgangen løfta Hareid-laget seg mange hakk, men det var heimelaget som styrte kampen.

Etter halvtimen spelt scora Roald Runde Spjelkavik sitt tredje mål for dagen.

Målet kom etter ein soleklar offside, men dommaren godkjente scoringa og dermed stod det 3-0 til heimelaget, som også var stillinga til pause.

Redusering

Etter kvilen heldt gjestane fram der dei slapp i 1.omgangen, og 10 minutt ut i omgangen fekk dei utteljing då Bendik Engen reduserte til 3-1.

Spjelkavik svarte med ein gang og la på til 4-1 ved Eirik Hjelvik. Etter 4-1 scoringa gjekk lufta ut av Hareid-laget, og heimelaget scora til slutt 9 mål før sluttsignalet kom frå dommaren.