Fylkeskommunen jobbar for å omstille tannhelsetenesta i Møre og Romsdal, ved å leggje til rette for det dei meiner er ei berekraftig klinikkorganisering. Dagens 37 klinikkar og 17 eitt-teams klinikkar er underfinansierte og ikkje berekraftige på sikt. Eitt av ledda i denne omstillinga har vore å slå saman distriktstannklinikken i Ulstein kommune og distriktstannklinikken i Hareid kommune.

Men så var det dette med plassering.

Begge kommunar har vore på banen i forhold til å sikre seg klinikken og viktige offentlege arbeidsplassar, men etter innstillinga i Kultur- og folkehelseutvalet onsdag å døme, er det Hareid som no er i førarsetet. Utvalet konkluderte nemleg med at klinikkane i Hareid og Ulsteinvik blir samlokalisert til Hareid sentrum nært kommunikasjonsknutepunkt, i tilknyting til det nye helsehuset. Dette trass i at fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i si tilråding meinte Ulsteinvik var det beste alternativet.

– Vi er tilfreds med innstillinga til utvalet i denne saka. Vi er positive til at dei lyttar til dei faglege argumenta i saka. No viser statistikken mellom anna at folk vitjar tannlegen gjennomsnittleg kvar 18 månad, og difor er ikkje reiseavstand og tidsbruk eit argument lenger, med tanke på skule og slike ting. Då er dei faglege argumenta viktigare, seier Hareid-ordførar Anders Riise (H) til Vikebladet Vestposten.

– Eg er sjølvsagt ikkje einig i innstillinga til utvalet. Eg meiner fylket sjølv må følgje det dei har sagt, nemleg at Ulsteinvik er eit delregionsenter, eit senter som skal innehalde publikumsfunksjonar og tenester som dekkjer fleire kommunar. Ergo, vedtaket i Kultur- og folkehelseutvalet er i strid med dette. Ein undergrev her fylket sin eigen fylkesdelplan for byar og attraktive tettstader. Men, slaget er ikkje tapt, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp).

Saka skal vidare til endeleg handsaming i fylkesutvalet og fylkestinget i april.

På synfaring i begge kommunane

Fylkestannlege Anthony Normann Valen og administrasjonssjef Morten Larsen var 14. februar i år på synfaring og i møte med den politiske og administrative leiinga både i Ulstein og Hareid.

Etter dette kom fylkestannlegen med ei konsekvensvurdering av ei samlokalisering av dei to distriktstannklinikkane. I denne vurderinga gav fylkestannlege Valen ingen konklusjon på kva for av kommunane som eignar seg best til å ta hand om ein ny distriktstannklinikk, men var samstundes klar på at fordelane og moglegheitene ved å samlokalisere klinikkane er fleire enn utfordringane.

Argument frå begge kommunane

Etter møtet med fylkestannlegen kom Hareid kommune med ei tilbakemelding. I eit brev signert ordførar Anders Riise gjekk det fram at Hareid meinte tannhelsetenesta bør leggjast til Hareid av fleire grunnar.

Hareid sentrum blir nemnt som eit trafikknutepunkt, eit helse- og velferdsfagleg miljø der samarbeid og samhandling er viktig, i tillegg til at ved å leggje klinikken til det nye helsehuset i sentrum, med byggjestart no i 2018, gjer ein det til perfekt timing.

I ein mail frå Ulstein kommune signert ordførar Knut Erik Engh, går det fram at Ulstein meiner Ulsteinvik er rette staden, på grunn av at det store fleirtalet av pasientane oppheld seg eller bur i Ulstein, at Ulsteinvik har sterk vekst trass i nedgangstidene i maritim sektor, at Ulstein kommune har relativt få offentlege arbeidsplassar, at Ulsteinvik ligg sentralt i regionen, i tillegg til at Ulstein til liks med Hareid meiner rekruttering av personell vil gå greitt.