Saka kom opp då formannskapet diskuterte framlegget til kommuneplan sin arealdel for Ulstein kommune 2017–2029.

I framlegget var det regulert inn barnehagen like ved Hasund skule, men det meinte Anderson var ei dårleg løysing. Ho hadde mange argument for det, både at skulen kan trenge å utvide og at der blir trongt og borna har få stader å gå tur til, som dei må dele.

Formannskapet tok ikkje noko ut av planen, men la til å regulere inn eit område for offentlege føremål (barnehage) vest for Hasundgot stadion. Det var samrøystes.