Orda fall i samband med at kommunestyret vart forelagt Politidirektoratet sitt utkast til nye normalpolitivedtekter i kommunane. I desse vedtektene gir eit nytt punkt kommunane fullmakt til å forby tigging. Vedtektene skal avløyse dei gamle vedtektene frå 1996 og er sendt på høyring til ei rekke instansar.

Oskar Grimstad gjentok Framstegspartiet sitt tidlegare forslag om tiggeforbod ved å vise til kjende situasjonar i lokalmiljøet. Han nemnde spesielt ein mann som i lang tid hadde tigga fast i ferjekøa på Hareid ferjekai, ein aktivitet han syntest var dårleg reklame for Hareid. - Når han går der og tiggar, haltar han med staven i den eine handa. Når han så er ferdig for dagen, ser vi han passere Øyehol Brygge med eit ølnett i den eine handa og staven i den andre - utan å halte - på veg til eit naust der han overnattar, fortalde han.

Grimstad nemnde også tiggarar som var til sjenanse ved samvirkelaget – og jamvel på kyrkjetrappa, ein gong etter ei gravferd. Han la til at eit tiggeforbod ikkje skulle gjelde dei som samla inn pengar til gode formål.

Kristian Fuglseth (Folkelista) kommenterte dette med å seie at «folk er folk». Han viste til at vedkomande som hadde tigga på kyrkjetrappa også hadde vorte invitert inn i kyrkja til gudstenesta der – og etterpå til bedehuset. - Folk er folk, og slik skal det vere i Hareid, meinte han og foreslo at ein kanskje i staden kunne spørje tiggarane om dei trongde hjelp.

To formuleringar

Eit eventuelt forbod mot tigging vil kommunen eventuelt ta opp når dei nye normalvedtektene er på plass. I følgje det utsende forslaget kan kommunane då – om dei vel å gå inn på dette – formulere forbodet på to måtar:

A) Tigging på offentleg stad eller frå hus til hus er forbode.

Eller

B) Tigging på offentleg stad eller frå hus til hus kan berre skje etter at det først er sendt melding til politiet som kan setje vilkår og stad for tigginga.

Politidirektoratet definerer tigging som ein situasjon der nokon ber andre om pengar som mottakaren skal bruke på seg sjølv, sine næraste eller på ei mindre gruppe personar eller eit miljø som mottakaren sjølv er ein del av.