Hareid Idrettslag gjekk 460.000 kroner i overskot i fjor, viste rekneskapen som vart lagt fram på årsmøtet torsdag i førre veke. Om få veker blir det sett i gang eit stort utbyggings- og renoveringsarbeid på anleggssida.

Det største tiltaket er sjølvsagt bygginga av ein fotballhall. Bygginga skjer i kommunal regi – og grunnarbeidet kjem truleg i gang i mai, opplyser Harald Møller i prosjektgruppa. Men før det vil renoveringsarbeidet for dei to eldste garderobane på klubbhuset ha starta for fullt. Det skjer i april, like etter påske. Prisen på fotballhallen vart i siste omgang sett til 22 millionar kroner, men ordførar Anders Riise har uttrykt tru på at det vil bli noko billegare. Det har kome inn over tjue anbod på den 50–75 meter store stålhallen – fordelt på 8 entreprisar. Hallen skal stå på vestsida av Hareid ungdomsskule. Harald Møller og Sindre Breivik er idrettslaget sine medlemer i forprosjektgruppa.

Harald Møller trur hallen vil stå fiks ferdig ein gong tidleg i 2019. Til no har både fotballgruppa i HIL og Sparebanken Møre tilsagt midlar til prosjektet.

Dyrare renovering

Renoveringa av dei to eldste garderobane i klubbhuset viser seg å bli dyrare enn først tenkt. Prislappen er no på ca. 900.000 kroner. Styret fekk i oppdrag å avgjere korleis ein skulle løyse det finansielle: a) ved bruk av driftsmidlar – b) ved å ta opp lån – eller c) redusere overføringane til dei enkelte undergruppene i laget.

4,3 mill. i omsetning

Hareid Idrettslag synest å ha ein sunn økonomi. Rekneskapstala for gruppene viste samla inntekter på vel 4,3 mill. og utgifter på 3,9 mill. Bokført overskot for 2017 vart på ca. 460.000,-.

Gjerde held fram

Vegard Gjerde tok attval som leiar. I hovudstyret sine avsluttande ord slo han fast at Hareid IL er den største frivillige organisasjonen i kommunen med 712 medlemer. Dei tre største gruppene er fotballgruppa (342), turngruppa (135) og handballgruppa (104). Deretter er det bokført 91 støttemedlemer, 35 medlemer av friidrett/trim og 5 medlemer av badminton.

– Den store utfordringa i arbeidet vidare er å kunne rekruttere og halde på trenarar, lagleiarar og andre tillitsvalde, meiner lagsleiaren.

Med seg vidare i hovudstyret har Gjerde desse: Harald Møller (nestleiar), Cecilie Bjørlykke, Jeanette Teigene og Ann Magritt Bjåstad – med Bernhard Harkjerr og Cecilie Skeide som varamedlemer.