Anten er det eg - eller så er det hundane - som har forandra seg.

Eller kanskje golva…

No skal du høyre: Dagens firføtte familiemedlem Tessa er ei blanding av korthåra dahcs og Jack Russel-terrier. Kvar gong ting tyder på at eg har tenkt meg ut av huset, kjem ho ruslande.

Klikk-klakk-klikk-klakk, sier det. Klørne hennar rispar taktfast mot parketten. Her kjem eg – her kjem eg – napoleon-med-sin-hær - full av FORVENTNING kjem ho. Aukar eg farten, aukar også takta i rispinga. Begynner eg å springe, begynner ho også å springe. Spring eg ei runde rundt i huset, spring ho også ei runde.

Eg må vedgå at eg kan bli irritert over dei repeterande klørne. Det er særleg når eg går mot ytterdørene at ho kjem. Går eg opp trappa til andre etasje, blir ho ståande nede på parketten og glane. Ho veit meget godt at vi ikkje har utgangsdører der oppe.

Eg har hatt hundar før. Den første heitte Freia og var ein gatemix. Den andre var ein cocker spaniel, kjøpt for pengar og med det elegante namnet Milkyway Express.

Cockeren var – trass sitt noble ytre – mykje verre å hanskast med enn gatemixen.

Poenget er at eg ikkje tenker FORVENTNING når eg ser tilbake på desse to hundane. Skilnaden kan ligge i at vi den gongen hadde vegg-til-vegg-teppe, som umuleggjorde risping.

Men begge var turlystne, særleg gatemixen, som sprang hundremeteren på 10 blank under eit hundeløp på Sanden i Ulsteinvik ein gong på 90-talet.

Men det er ikkje berre rispinga som gir forventningspress. Når Tessa har sessa seg på utkiksputa i sofaen, ligg ho heile tida og utspeidar blikket mitt når eg reiser meg eller passerer. Ho leitar etter signal som kan røpe kvar eg har tenkt meg. Det minste rykk i iris, så går labbane.

I ei bok eg kjøpte på Arlanda i sommar las eg korleis ulven vart til hund. Det var dei ulvane som forstod at det var lurt å studere blikka til menneska som vart hundar. For blikka våre avslører våre neste steg. Dei ulvane som las menneskeblikket først hadde størst sjanse til å snappe den avgnegne knoken som vart kasta ut i periferien frå menneskebolet.

Derfor er hundeblikket alltid eit FORVENTNINGSBLIKK.

Eg kan leve med det, det er eigentleg verre med den infernalske bjeffinga når nokon ringer på døra.

Uansett er det ikkje aktuelt å kjøpe vegg-til-vegg-teppe. Den tida er forbi.