Andre etasje på Ishavsmuseet var smekkfull då polfarar Børge Ousland helsa publikum med desse orda under polarkvelden fredag. Denne kvelden var det også ein god del yngre, sporty folk blant tilhøyrarane.

– Kanskje ikkje så rart her er mykje folk når vi har besøk av ei slik legende, sa dagleg leiar Webjørn Landmark til dei om lag 150 frammøtte.

Foredraget til Ousland hadde tittelen «30 år med polare ekspedisjonar». Han har blant anna gått soloturar til både Nord- og Sørpolen, og han har kryssa både Arktis og Antarktis. Han har segla gjennom både Nordaust- og Nordvestpassasjen og gått i Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen sine spor gjennom Frans Josefs Land. Ein av dei mest ekstreme turane gjennomførte han i 2006, då han saman med sørafrikanaren Mike Horn gjekk til Nordpolen om vinteren. Dei er dei første som nokon sinne har gått denne turen på den tida av året.

– Mange har spurt kvifor eg valde å gå saman med ei kar frå Sør-Afrika. Svaret er at han kunne noko anna enn eg, og at vi dermed fekk ei breiare plattform.

På denne turen var det ikkje skilnad på natt og dag, og dei såg berre 10–15 meter framføre seg. På seg hadde dei spesiallaga tørrdrakter, slik at dei kunne hoppe ut i isråker og symje over.

– Turen var heilt ekstrem, men baud også på dei aller flottaste naturopplevingane. Å vandre under fullmånen, i det bleike, blå lyset var magisk. Men når temperaturen ligg på under minus 40 grader over tid, får kroppen juling.

Uroa over bresmeltinga

Med foredraga og bøkene sine ønskjer Børge Ousland å formidle gleda ved å vere på tur ute i naturen. Men han vil også varsle om endringar i miljøet som uroar han. Han har alltid vore fascinert av brear, og han har kryssa dei 20 største breane i verda.

– Breane er i ferd med å forsvinne, sa Ousland og viste bilete av ein bre han hadde vitja i Patagonia for ti år sidan – og kor mykje han hadde minka då han var der i fjor.

– Ei bre som smeltar vil til slutt renne ut i havet og føre til at havet stig. Polarområda er sårbare for temperaturstigning, og dette er ei av dei største miljøutfordringane vi har, åtvara han.

Ragnar Thorseth er altså ein av dei største inspiratorane til Børge Ousland. Då Ousland skulle gå sin første tur til Nordpolen tok han derfor kontakt med Thorseth for å få gode råd. Han har også vitja han på Håholmen. Men også Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen vart tidleg store forbilde, og som ung slukte unge Ousland ei barnebok som Hjalmar Johansen hadde skrive.

Sunnmørsættling

Det kanskje ikkje alle veit, er at Børge Ousland har sunnmørsblod i årane. Morfaren hans var Nils Jangaard frå Ålesund. Han var blant skipsmeklar i Portugal, starta eige eksportfirma i fiskebransjen og var rådgjevar for Utanriksdepartementet sine forhandlarar om handelsavtale med Franco i Spania. Han var også visekonsul i Halifax.

Og Halifax er heller ingen ukjend stad for Ousland, som har vore der fleire gonger og kjenner godt Martin Karlsen.

– Eg har lova lenge å kome til Brandal, men først då Else Karlsen tok kontakt for eit par månader sidan, passa det inn i timeplanen, sa Ousland.

Børge Ousland er utdanna dykkar, og jobba i perioden 1984 til 1993 som metningsdykkar i Nordsjøen. Han meiner at god planlegging og det å kunne stole på seg sjølv, er ein lærdom han fekk inn som dykkar og som har kome godt med på ekspedisjonane.

Helten: Jan Oskar Alnes frå Godøy og Kim Sund frå Valderøy hadde tatt turen til Ishavsmuseet for å høyre på Børge Ousland. – Han er helten vår, kunne dei fortelje. Foto: Anne Gry Eilertsen Foto: Anne Gry Eilertsen
legender: Ottar Brandal er ishavsveteran med mange turar både i Vesterisen og på Newfoundland. Han syntest foredraget var svært interessant. Foto: Anne Gry Eilertsen Foto: Anne Gry Eilertsen