(NPK): Norsk Målungdom heldt landsmøte i Drammen i helga. Der vedtok organisasjonen eit nytt arbeidsprogram for perioden som kjem.

Landsmøtet gjekk mellom anna inn for at jamstillinga mellom nynorsk og bokmål bør stå i grunnlova.

– Nynorsk og bokmål har vore jamstilte skriftspråk sidan 1885, men denne sikringa av dei norske språka kan forsvinne med eit fleirtalsvedtak i Stortinget. Dette burde inn i grunnlova, akkurat slik som dei samiske språka er sikra i grunnlova, seier Fredrik Hope i ei pressemelding.

Mållova for svak

Norsk Målungdom meiner mållova er for svak. Hope peikar mellom anna på at lova ikkje gjeld for kommunane, Stortinget og hoffet.

– Ei framtidig språklov må dekkje heile det offentlege Noreg, frå ordførar til Kongen, meiner Hope. Han legg til at private verksemder som driv statlege oppgåver må følgje språkreglane i staten.

– Det offentlege kan organiserast på ulike måtar, men folk sin rett til å få sjå og bruke sitt eige språk kan ikkje bli svekt, seier målungdomsleiaren.

Med seg i styret får Hope ungdomar frå heile landet. Gunnhild Skjold frå Tromsø blei vald til nestleiar, Eline Bjørke frå Løten er skrivar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde er økonomiansvarleg, og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy er styremedlemer.