På sist formannskapsmøte i Hareid tok Jeanette Teigene (Framstegspartiet) iniativ til at formannskapet skal få fleire orienteringar. Tidlegare har formannskapet meldt frå at dei på kvart møte skal få ei orientering om siste nytt om det planlagte helsehuset. Men Teigene vil også ha løpande orientering om andre store byggjesaker, som oppussing av rådhuset og fotballhall.

Det syntest ordførar Anders Riise (Høgre) og Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) var ein god idé. Så i staden for å berre få ei orientering om helsehuset skal formannskap få ei orientering om store byggjesaker på kvart møte framover.