- Sylvi er på ingen måte ute av politikken. Det ga også statsminister Erna Solberg klart uttrykk for, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein og partifelle av justis-, beredskaps- og innvandringsministeren.

- Dette er ein trist dag. Ho hadde fortent betre enn dette. For oss som kjenner ho veit vi at ho ikkje er slik som ho blir framstilt i media. Tvert i mot er ho eit godt menneske. Men eg forstår veldig godt at ho tok den avgjersla ho gjorde. Ho lét seg ikkje kue, men tek heller hatten og går. Det var i mi meining ei heilt rett avgjersle.

Engh er stolt over støtta partiet har vist Listhaug.

- Så absolutt, og det har for så vidt også regjeringskollegiet gjort.

Han er derimot lite stolt over måten Listhaug har blitt behandla på.

- Det har vore utruleg mykje ufine kommentarar og påstandar som har svirra, om Sylvi som person og hensiktene hennar. Eg trur verken ho sjølv eller vi andre rundt ho kjenner igjen dette. Eg trur dette på sikt vil styrkje Framstegspartiet, sjølv om det akkurat no ser ut som eit tilbakeslag.

- Det er ikkje tvil om kva som har vore målet til opposisjonen. Dei har gått og venta på ei moglegheit til å få ut Sylvi av regjeringa. Eg trur ikkje Arbeidarpartiet står igjen som ein vinnar på grunn av dette, seier Knut Erik Engh.

- Unikt i norsk politisk historie

Tidlegare stortingsrepresentant Oskar Grimstad i Hareid Framstegsparti meiner det er synd at eit innlegg han meiner har blitt beklaga nok skulle få eit slikt utfall.

- Det er veldig synd at det enda slik som det gjorde. At ein Facebook-status som er beklaga på det sterkaste både frå Erna Solberg, Siv Jensen og Sylvi Listhaug sjølv skal få det utfallet at ho må trekkje seg som justisminister, er unikt. Det har aldri skjedd i norsk politisk historie at ei utsegn i sosiale media har fått eit slikt endelikt. Her har ho gått litt over streken og ho har beklaga seg, og det er utruleg at vi var nær ei regjeringskrise på grunn av dette. Det har vore eit spel kring dette som har vore uverdig for heile Stortinget.

Han er heller ikkje vidare imponert over Kristeleg Folkeparti si framferd.

- At Krf går til støtte for eit utspel frå ein ateist, og eit ateistmiljø som eg meiner ein bør ha større grunn til å ta avstand frå, skuffar meg. Men slik blei det. Eg er derimot sikker på éin ting, Sylvi kjem igjen. Ho kjem til å vere ein tydeleg politikar i norsk politikk også i framtida. Dette er ikkje det siste vi har høyrt frå ho, seier Grimstad.

- Håper det heile roar seg

Hanne Notøy i Ulstein Arbeidarparti meiner det har vore ei spesiell veke i norsk politikk.

- Vi føler oss ramma av statusen ho kom med på Facebook då ho tapte ei sak i Stortinget på demokratisk vis. Ein skulle kanskje ønskje at ho tidlegare i løpet forstod kva ho utsette store delar av befolkninga for med det ho gjorde. Dagen i dag er spesiell, og avskjedstalen ho heldt gjorde den enno meir spesiell. Eg blir ufattelig lei meg og gret når eg ser kva dette har resultert i for vår partileiar Jonas Gahr Støre. Når vi les at han er drapstruga og må ha politi rundt seg. Det er ikkje greitt når det blir slik. Det har heller ikkje vore greitt å lese kva som har vore skrive om vår statsminister Erna Solberg.

- No må vi som folk vakne. Eg synest ikkje det er heldig at dette går utover nokon av partane personleg. Ho har hatt sjansar til å tone ting ned, av omsyn også til seg sjølv og sine, men dei sjansane har ho ikkje tatt. Eg synest det er forferdelig at også hennar familie skal lide. No som avgjersla er tatt håper eg det heile roar seg, seier Hanne Notøy.

- Bytte av regjering skal skje gjennom eit demokratisk val

Stian Runne Brandal i Hareid Arbeidarparti meiner Listhaug gjorde det rette ved å trekkje seg.

- Eg synest ikkje ho har vist seg eigna til å vere justisminister for heile folket. Det er med bakgrunn i mykje av retorikken ho har nytta, ikkje berre det ho har sagt eller skrive i det siste. Ho kjem med utspel som er veldig personlege. Ting som gjer at ho blir oppfatta som uprofesjonell, seier Brandal.

Men at utspelet kunne ført til ei regjeringskrise meiner Brandal er unødvendig.

- At det no stod på trappene å kaste ei heil regjering på grunn av dette var valdsamt. Dette skulle først og fremst vere å fremje mistillit mot sjølve justisministeren. Eg meiner at eit bytte av regjering skal skje gjennom eit demokratisk val. Slik blir demokratiet ryddigare. Dette var mistillit retta mot éin politikar. Det var dessutan eit tydeleg signal når ein ser at politikarar i alle parti utanom Frp støtta mistillitsforslaget eller gjekk langt i kritikken av justisministeren. Det viser at ho ikkje har vore ein samlande nok justisminister, seier Stian Runne Brandal.

Listhaug meinte mellom anna at ho var utsett for ei heksejakt, at Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre ikkje er eigna som statsminister og at Kristeleg Folkeparti er eit parti «heilt utan ryggrad», då ho snakka om avgjersla si om å trekkje seg, under ein pressekonferanse tysdag morgon. Brandal meiner slike utspel ikkje er ein norsk topp-politikar verdig.

- Det blir uprofesjonelt å kome med slike kjensleladde utspel. I staden for dette burde ho for lengst gjort sitt yttarste for å heller stå fram som ein god versjon av det som faktisk er av dei øvste leiarane i landet, seier Brandal til slutt.