Dette var konklusjonen etter at Grimstad hadde levert ein interpellasjon om kommunen sine grunnkjøpsprosessar til Hareid kommunestyre sitt møte på Melshorn Hotell torsdag kveld. Oskar Grimstad sa seg utolmodig med framdrifta i dei kommunale grunnkjøpa – og ville tilbake til ein tidlegare modell der ordførar og/eller varaordførar fronta kjøpa og møtte grunneigarane personleg – og ikkje som i dag at ein innleigd prosjektleiar eller fagfolk frå plan- og byggesaksavdelinga gjorde jobben.

Ordførar Anders Riise (H) sa i svaret sitt at det etter dagens ordning er administrasjonen – dimensjonert med ein jurist – som skal stå for grunnkjøpa. Om seg sjølv sa han at han hadde vore involvert i dei fleste grunnkjøpa og at han signerte alle skøyte som galdt sal av grunn og bygningar og hadde god oversikt over prisar, volum og omsetnad. Han deltok elles i skjøn og forhandlingar der det var behov for ein tredje part.

Rolleavklaring?

Riise avviste at det var sett inn prosjektleiar til å drive med grunnkjøp, men ville gjerne sjå på om det var behov for å avklare rollene ved ei ny rullering av delegeringsreglementet. Han poengterte også sterkt at grunnkjøp var ein spesialisert profesjon som kravde kompetanse, prosess, likebehandling og god juss.

Riise sa til slutt at han no forventa - i lag med rådmannen - å få til ei god framdrift i grunnforhandlingane på Holstad.

I interpellasjonen sin – og med tydeleg adresse til Holstad bustadfelt - hevda Oskar Grimstad (FrP) at grunneigarar sat og venta på besøk og lurte på om det vart noko av planane.

– Og dei forventar at det er ordføraren eller varaordføraren som tek kontakt, sa han og foreslo å gå tilbake til tidlegare ordning og få dette formelt etablert alt i neste kommunestyremøte.

- Det har ikkje vore kjøpt noko av omfang i Hareid på ti år, hevda han og streka under at han med dette ikkje uttrykte mistillit til administrasjonen.

Vil ha framdrift

Varaordførar Kristian Fuglseth (Folkelista) sa at kommunen hadde etablert den nye ordninga ved grunnovertaking fordi det var så mange slike overtakingar ved framføring av vatn, veg og kloakk. Meininga hadde vore at ordføraren skulle involvere seg i dei store grunnkjøpa, noko han også hadde gjort.

Marit Øien Sæverud (KrF):

- Eg har etterspurt Holstad-feltet, og trudde det var kome lenger enn det var. Eg veit om mange som har tenkt å flytte tilbake til Hareid og vil bygge der. Så no forventar eg at der blir framdrift og at ordføraren er aktiv.

Ho streka også under Hareid sitt store potensiale som bukommune.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge hadde sjekka dei siste åra. Det hadde fungert veldig godt, sa ho, men med unntak for Holstad-feltet. Ho minte elles om at det hadde vore store utskiftingar i etaten dei siste åra og at det hadde vore ei spesielt utfordrande tid. – I dag har vi ein fagleg sterk organisasjon, som er oppteken av at arbeidet skal vere forankra i det faglege, la ho til.

Ordføraren gjentok så at han var innstilt på å starte veldig kjapt på grunnforhandlingar i Holstad-feltet.

Dermed trekte Oskar Grimstad (FrP) framlegget sitt og takka for debatten.