I samband med rullering av arealdelen av kommuneplanen er det lagt inn fleire føringar for sentrum. Mellom anna er det lagt inn grøne lunger for opne byrom, torg og møteplassar. Det er teikna inn på eit kart kvar det bør vere fri sikt mot sjøen.

Innanfor ei av desse grøne lungene finn me bygningane i Bjørndalvegen 9, 11 og 13. Det skal gjennom arbeidet med områdeplanen takast stilling til om desse bygga skal regulerast vekk. Medan ein ventar på det ønskjer teknisk utval eit dele- og byggjeforbod for desse husa.

I forkant av eit eventuelt slikt vedtak skal grunneigarar av dei tre eigedomane få uttale seg. Etter dei har fått uttalt seg, kjem saka tilbake til utvalet.

Ulsteinvik Bibelsenter ønskjer seg inn

Ulstein kommune har fått ein søknad frå Ulsteinvik Bibelsenter der dei søkjer om bruksendring frå av Bjørndalvegen 11. Dei ønskjer å bruke delar av andreetasjen til forsamlingslokale. Ulsteinvik Bibelsenter vurderer å kjøpe eigedomen frå Jostein Hareide, om dei får bruke lokala til forsamlingslokale.

Ulstein kommune tenkjer at om dei gir Ulsteinvik Bibelsenter løyve til det, bil det vanskeleggjere planarbeidet deira. Det er difor dei vurderer eit mellombels forbod mot tiltak (bygge- og deleforbodet).

Men først må altså partane få høve til å uttale seg.