Medlemene i Hareid formannskap såg positivt på initiativet frå Svein Smørdal om å byggje eit drivhus for kulturlivet i kommunen. Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) sa at sjølv om det ikkje er realistisk å byggje dette i næraste framtid, bør ein ikkje sleppe saka. For det er ein god idé. Kanskje kommunen kan setje ned ei prosjektgruppe? Så kan dei sjå på om det er pengar ein kan søkje på til dette. Han såg for seg ein representant frå administrasjonen i gruppa, ein politikar og nokre frå kulturlivet.

Å setje ned ei slik gruppe vil ikkje forplikte Hareid til å byggje DRIV-huset, men vil sjå på om det er aktuelt.

Kristian Fuglseth (Folkelista) meinte dette innspelet bør handsamast politisk. Formannskapet bør setje ned ei nemnd og takke Svein Smørdal for initiativet. Han syntest også at kommunen kan bruke 60 000 kroner frå dispensasjonsfondet til denne nemnda.

Annika Brandal (Venstre) lurte på om ho var ugild i denne saka, men ordførar Anders Riise (Høgre) spøkte då at dette er eit drivhus. Nei, spøk til side. Det er var ingen grunn til at ho er ugild i denne saka for at ho jobbar på kulturkontoret i nabokommunen. Ho vart samrøystes funnen gild til å vere med å handsame denne saka i Hareid formannskap.

Riise var ikkje avvisande til å setje ned ei nemnd. Han tok opp litt historie, det har vore fleire innspel/initiativ til kulturhus i Hareid. Dei har halde på fire år for å få fotballhall. Sjølv om ein set ned ei nemnd for å arbeide med dette no vil ikkje det seie at huset skal byggjast i år. Ein bør setje ned ei nemnd for å sjå kva som er mogleg.

– Det er eit kjempeflott initiativ, men no må me ikkje gape for høgt, åtvara rådmann Ragnhild Velsvik Berge. Ho minna om at kommunen står framfor store økonomisk utfordringar. Å byggje eit kulturhus kostar pengar både å byggje og drifte. Ho fortalde at dei same dag hadde hatt eit langt møte i leiargruppa. Det er tøft å få driftsbudsjettet til å gå i hop, og dei må diskutere om kommunen kan tilsetje fleire folk.

Kai-Rune Bjørke, kommunalsjef for samfunnsutvikling, sa at sjølv om det ikkje vart lagt opp til at det skal bli ein lokaliseringsdebatt, vil det fort bli det.

Fuglseth sa då at Hareid bør drive litt smart. Berre under Hareidsstemna blir det brukt 250 000 kroner berre for lyd. Å byggje ein eigen sal eller hus til kulturarrangement kan fort løne seg, i staden for at alt må riggast og lånast kvar gong noko skal arrangerast. Han tok til orde for å setje ned ei nemnd på fem personar. Der meinte han at kulturkonsulenten bør vere med. Berge minna så om at kulturkonsulenten førebels ikkje finst. Men Fuglseth meinte det er viktig at kulturkonsulenten får ein plass i nemnda når han/ho kjem. Han ville også at kommunen skal svare positivt på initiativet.

– Det vil vere eit enormt løft å få ein sal der alt er rigga, meinte Brandal og trudde også det er potensial for inntening om ein har ein slik sal. Ho tok også til orde for at ein bør hugse å teikne inn eit lager til denne salen. Men ho var usikker på om det var naudsynt å setje av den summen med pengar til nemnda. Fleire i formannskapet støtte Brandal i at dei treng ikkje setje av pengar til nemnda.

Rådmannen sa at Hareid står foran mange store og tunge prosjekt, dei slit med kapasiteten til adminsitrasjonen, men dei skal stille opp så godt dei kan.

Med nokre justeringar fekk Kristian Fuglseth (Folkelista) med seg formannskapet på at ein set ned ei nemnd på fem personar til å arbeide fram konkrete alternativ basert på planar presenterte tidlegare. Planen blir lagt fram for Hareid formannskap til mai-møtet 2018.

Rådmannen skal peike ut ein representant frå administrasjonen. Valnemnda skal peike ut ein representant frå politisk. Nemnda skal også ha med seg tre representantar frå kulturlivet, Hareidsstemna, korps og kor i kommunen. Rådmannen skal svare på brevet formannskapet har fått i denne saka og spørje etter representantar frå kulturlivet. Rådmannen skal vere sekretær i nemnda.

Målet er at vidare planleggingsmidlar bør handsamast i samband med revidert budsjett 2018, og difor presentere dette for formannskapet i mai.