Sylvi Listhaug gav beskjed til statsminister Erna Solberg om sin avgang allereie måndag kveld, sa statsministeren på pressemøtet tysdag formiddag.

– Listhaug har gjort ein god jobb i tre ministerpostar. Ho sette i gang landbruksreformer som landbruksminister, og ho stramma inn på innvandringspolitikken, og det har gjort at vi i dag har kontroll på flyktningstraumen. Derfor kan vi i dag jobbe for berekraftig integrering, seier Solberg.

Statsministeren meiner vi bør lære av at ytterpunkta i debatten bidrar til å kneble debatten gjennom hets og sjikane.

– Listhaug er ein hardtarbeidande politikar. Det har vore ei belastande tid for henne, der ho har fått karakteristikkar ho ikkje fortener, og som ikkje høyrer heime i politikken, seier ho.

Samtidig tar statsministeren avstand frå Listhaugs utsegn om at Ap-leiar Jonas Gahr Støre ikkje er eigna som statsminister.

– Det er veljarane som skal vurdere kven som er eigna eller ueigna, og det må vi politikarar ha respekt for, seier Solberg, som minner om at det er dei borgarlege som no er i regjering.

Listhaug kalla norsk politikk for ein «barnehage» tysdag morgon. Statsministeren manar til sakleg debatt i norsk politikk, og meiner dei krasse karakteristikkar no må tonast ned.

– Eg vil ikkje karakterisere norsk politikk som ein barnehage, men det er lurt for oss alle å puste med magen. Debatten må handle om å gjere Noreg til ein betre stad for innbyggjarane, seier statsministeren.