Søre Sunnmøre tingrett fekk høyre ei sterk historie, då den unge kvinna forklarte seg om overfallet ho blei utsett for natt til 3. desember i fjor.

Ho hadde vore i bursdagsfest saman med tre av dei ho bur saman med, men bestemte seg for å gå heim åleine rundt klokka halv tre om natta. Ho låste døra etter seg, men kom på at ho var den einaste som hadde nøkkel. Difor gjekk ho ned igjen og låste opp, slik at dei andre kom seg inn. Deretter kledde ho av seg og la seg.

Prøvde å rope på hjelp

I retten skildra kvinna det som skjedde. Etter at ho hadde lagt seg, merka ho at det kom lys inn på rommet frå gangen.

– Eg set meg opp i senga og ser ein person i døropninga. Eg spør kva han gjer og om han har gått feil, men han bryr seg ikkje om det eg seier. Han kjem nærare og nærare senga, og eg prøvde å rope på NN i naborommet. Han tek tak i meg rundt halsen og dreg meg ut av senga. På eit punkt så sit han over meg og tek kvelartak, og eg merkar at eg begynte å slite med å puste. Eg klarte ikkje å rope, for han pressa så hardt, fortalde kvinna, tydeleg prega av den dramatiske opplevinga.

Og ho heldt fram:

– Eg skjønar at viss eg ikkje gjer noko no, så kunne dette gå mye verre, og eg klarte å slå han i skrittet og kome meg unna og inn på naborommet.

Ho fotalde også at mannen tok henne med begge hendene og klarte å lyfte henne ut av senga.

Frykta valdtekt

Aktor i saka er politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik, og han spurde korleis den unge kvinna opplevde situasjonen.

– Eg var livredd for kva som ville skje viss han klarte å slå pusten ut av meg. Eg tenkte det verste og at viss eg ikkje kom meg unna, så kom eg til å bli voldtatt.

– Kva gjorde at du fekk tankar i dei baner?

– Han sa det ikkje var vits å gjere mostand. Han var så bestemt då han kom inn på rommet.

Føler seg ikkje trygg

Kvinna hadde fysiske merke på halsen etter kvelartaket, og retten fekk høyre om ei krevjande tid etter den dramatiske opplevinga.

– Det er veldig tøft. Den plassen der du skal føle deg trygg og slappe av om kvelden er ein plass eg ikkje føler meg trygg lenger, sa kvinna.

Ho forklarte at ho ikkje kjende mannen og at ho heller ikkje ville ha kjent han att.

Tiltalte har ikkje vore til stades i rettssalen under kvinna si forklaring, men følgjer saka med lyd i eit naborom, saman med tolk.

Har DNA-spor og fingeravtrykk

Den tiltalte 28-åringen nekta straffskuld då rettssaka starta i Søre Sunnmøre tingrett onsdag. Han skal forklare seg seinare onsdag.

Politiet har fleire tekniske bevis i saka.

Aktor orienterte innleiingsvis om at det er funne fingeravtrykk på døra til soverommet. Det er også funne DNA frå den fornærma kvinna på buksa til mannen.

Politiet har vidare sikra overvakingsbilde av det ein meiner er den tiltalte mannen.

Saka stod første gong på trykk i Smp.no