- Eg ser fram til å bygge stein på stein, og sørgje for at Eiendomsmegler 1 klarer å sikre seg ein større del av marknaden på Søre Sunnmøre, seier Tommy Sylte til Vikebladet Vestposten.

Sylte var med på å bygge opp avdelinga til konkurrenten Notar i Ulsteinvik frå starten av. Notar hadde så mykje som 90 prosent av marknaden på Ytre for ei tid tilbake. No tenkte den erfarne eigedomsmeklaren derimot at det var på tide å gå for nye utfordringar.

- Eg er godt fornøgd med å vere på plass her i Eiendomsmegler 1, og ser fram til utfordringane som ventar. Vi har eit mål om å bli marknadsleiande på Ytre Søre, det er heilt klart, seier Sylte.

Eit lengre intervju med Tommy Sylte kjem i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.