I tilrådinga til Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal går det fram at ein ønskjer at ein distriktsklinikk for Ulstein og Hareid bør liggje på Hareid, med ein ambuleringsklinikk i Ulsteinvik. Til Vikebladet Vestposten fortel distriktsklinikkleiaren for Ulstein, Hareid, Sande og Herøy, Elisabeth Nordahl, og tannpleiar og klinikkleiar i Ulsteinvik, Gunn-Randi Solstad, at dei helst skulle sett at tilrådinga var omvendt. Dei meiner altså at Ulsteinvik er det naturlege valet for ein samla distriktstannklinikk, med ein ambuleringsklinikk i det nye helsehuset på Hareid.

– Vi har eit kjempegodt samarbeid mellom klinikkane på Ytre Søre. Er det sjukdom blant personalet på éin av klinikkane sørgjer vi for erstattarar, vi ambulerer til naboklinikkar, og pasientane reiser mellom klinikkane. Det at fylkeskommunen har ansvar for lovfesta tannhelsetenester til prioriterte grupper, gjer at vi allereie løyser mange oppgåver saman sjølv om vi er lokaliserte på ulike klinikkar. Forutan økonomiske fordelar vil ei samanslåing gi meir stabile tenester, seier dei to.

Ambuleringsklinikk på Hareid

Distriktsklinikkleiaren fortel at dei i fleire år allereie har hatt ansvar for ambuleringsklinikken på Larsnes, og at denne er bemanna med ein erfaren tannlege ein dag og med tannpleiar to dagar i veka. Dei tilsette i Ulsteinvik fortel at dei har gode erfaringar med ordninga, og at pasientane verkar nøgde med tilbodet. Om det skulle vere behov for større, kompliserte behandlingar vert desse utført ved klinikken i Ulsteinvik. Pasientane har tilgjengelege tenester ved klinikken i Ulsteinvik dei dagane det ikkje er tannlege på Larsnes. Spesielt nyttig er det for elevar ved Ulstein vidaregåande skule som då har kort veg til tannlege.

– Slik vil det også bli om det blir oppretta ein ambuleringsklinikk på Hareid. Her vil vi kunne behandle pasientar med stort behandlingsbehov og elles eldre pasientar som er mindre mobile. Vi set alltid erfarne tannlegar til slike jobbar, seier Elisabeth Nordahl og legg til:

– Plassering av ein slik klinikk i helsehuset er perfekt, då vi vil ha god kontakt med dei vi elles samarbeider med i kommunen.

Meir stabilt i Ulsteinvik

Ein viktig faktor Nordahl og Gunn-Randi Solstad trekkjer fram er rekruttering og stabil bemanning.

– I Ulsteinvik har bemanninga av klinikken vore stabil i mange år, og det har ikkje vore vanskeleg å få tak i nye tannlegar. På Hareid har det vore meir utfordrande, og det har vore stort gjennomtrekk av tilsette tannlegar, seier dei.

Elles seier i grunnen pasientgrunnlaget sitt. Statistikken per 31. desember 2017 viser at det var 2.178 registrerte pasientar i Ulstein, mot 1.242 i Hareid. Om ein også reknar med Sande, har DTK-Ulsteinvik ansvar for 2.739 pasientar.

– Ulsteinvik er lett tilgjengeleg for folk flest, også for pasientar frå Herøy, seier Nordahl.

God tannhelse blant befolkninga

Born og unge har betre tannhelse enn tidlegare. Dette gjer at tannhelsetenesta blir sett på som ei «sjeldanteneste». No er det meir behov for god kompetanse innan behandling av eldre personar med eigne tenner.

– Vi har også ansvar for andre grupper som treng meir kompliserte behandlingar, til dømes innan rus, men også til dømes behandling av personar som har tannlegeskrekk.

Dei meiner også at rekrutteringsmoglegheitene blir større ved ei samlokalisering av distriktstannklinikkane i Ulsteinvik.

– Vi er heilt einige i at klinikkane bør slåast saman, for vi vil få eit styrka fagmiljø. Men, befolkningsgrunnlaget tilseier at Ulsteinvik er eit betre val enn Hareid, seier Elisabeth Nordahl og Gunn-Randi Solstad til slutt.

Jubla for tilrådinga: Hareid-ordførar Anders Riise jubla for Kultur – og folkehelseutvalet si tilråding om å leggje distriktstannklinikken til det nye helsehuset på Hareid. Foto: Arkiv. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll