Arbeidsinkluderingsverksemda Furene AS hjelpte i 2017 heile 191 personar tilbake i arbeid eller ut i utdanning.

Éin av dei som kom seg ut i arbeid igjen etter mange år på sidelinja var Wegard Pettersen.

– Ingen dans på roser

Det er mest innanfor fiskeindustrien Wegard har arbeidd tidlegare. I 2012 jobba han som kokk i Rolls-Royce, men var ein av dei som måtte gå grunna nedbemanningar.

– Det har ikkje vore så enkelt som ein kanskje skulle tru å kome seg inn på arbeidsmarknaden igjen. I tillegg har eg slite med fleire helseplager, som det har tatt tid å kome seg etter, seier Pettersen.

Helseplagene starta med ein planlagd hjarteoperasjon grunna hjarteflimmer.

– Så fekk eg «Dei tre brokkane Bruse», som eg har valt å kalle dei, seier han spøkjefullt og held fram:

– Eg fekk tre navlebrokkar. Det gjekk eg med i halvtanna år før eg fekk operert dei vekk. i tillegg har eg operert ei skulder og gjort diverse andre småting. Det har slett ikkje vore nokon dans på roser å vere småbarnspappa og arbeidslaus i tillegg til å ha slike helseplager. Eg har også vore gjennom ei livsstilsendring dei siste to åra, der eg har blitt 48 kilo lettare enn eg var på mitt tyngste. Men eg kom meg heldigvis forbi hindringane, og vil seie at eg står styrkja igjen.

For no har Wegard fast stilling som lagermedarbeidar på Tools Ulsteinvik i Saunesmarka, og er ein del av arbeidslivet igjen.

– Uvurderleg hjelp

I 2017 tok Wegard kontakt med Furene.

– I starten kartla vi litt kvar eg kunne passe inn og ikkje. Det fann vi jo ut til slutt, seier Wegard Pettersen og smiler.

Då Vikebladet Vestposten var på besøk på Tools tysdag var Wegard i full sving inne på lageret. Han fekk så storstilt besøk frå Furene, representert ved dagleg leiar Eldor Skeide og personen som har betydd ekstra mykje for Wegard i kampen om å kome tilbake i arbeidslivet, jobbkonsulent Britt Andreassen.

– Furene og spesielt Britt har vore til uvurderleg hjelp, sa Wegard før han fekk ein god klem frå Britt.

– Vi har hatt eit godt samarbeid, og Wegard har også jobba hardt sjølv for å nå måla sine. Eg er veldig godt nøgd med at han har funne seg ein slik flott arbeidsstad og så kjekke kollegaer, seier Britt Andreassen.

Éin av hans nye kollegaer, lagersjef Helge Kvalheim, er godt nøgd med å ha Wegard på plass på lageret.

– Han er ein kjernekar, sjølvgåande og er godt likt på arbeidsplassen. Dessutan er han eit arbeidsjern, seier Kvalheim.

– Vi har absolutt funne tonen vi. Med mange felles interesser, like sjuk humor og mange like erfaringar som småbarnsfedrar. Eg har berre gode ting å seie om Helge og dei andre kollegaene mine her på Tools, seier Wegard nøgd.

– Eit samfunnsansvar

Lagersjefen fortel at då han blei kontakta av Furene hadde Tools ledig kapasitet og behov for folk. Då spørsmålet om å ta inn Wegard kom, var han ikkje vond å be.

– Eg føler dette er eit samfunnsansvar. For oss har Wegard blitt ein kjemperessurs. Det har vore ein vinn-vinn situasjon heile vegen, tenkjer eg, seier Helge Kvalheim.

Dagleg leiar i Furene, Eldor Skeide, meiner Wegard er eit godt eksempel på at det går an.

– Alle dei vi hjelpte i 2017 har si historie. Fleire føler nok framleis at det er knytt fordommar til det med å gå arbeidslaus. Wegard er eit bevis på at ein får det til om ein vil.

– Eg tenkte kanskje litt på fordommane knytt til arbeidsløyse før, men det er eg forbi no. No er eg veldig glad for å vere i arbeid igjen, seier Wegard Pettersen og smiler.

Wegard er ein arbeidsam kar, og stortrivst på lageret på Tools i Saunesmarka. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.