(NPK): Etter mai månad kan det bli vanskeleg å få betale med Kirsten Flagstad eller Kristian Birkeland på setelen. Dei gamle 100-kroner- og 200-kronersetlane er nemleg ugyldige som betalingsmiddel etter 31. mai.

– Inntrykket vårt er at ein del bankar og butikkar vurderer å vere fleksible i samband med setelbytet, men det tryggaste er å bruke opp dei gamle 100- og 200-kronesetlane, eller setje dei inn på konto innan fristen, seier direktør for kontante betalingsmiddel i Noregs Bank Leif Veggum til NRK.

Dei nye setlane blei teke i bruk i mai i fjor. Til hausten er det venta at dei nye 50-kronersetlane kjem på marknaden, skriv Noregs Bank på nettsida si.