Hareid kyrkje hadde 22 tusen besøk i fjor.

Den såkalla dørstokkteljinga viser ikkje talet på enkeltpersonar, men kvar gong ein person har vore innom kyrkja.

I snitt var besøket på 1800 i månaden.

Saka vart presentert då Hareid sokn hadde årsmøte sist søndag, heiter det i ei pressemelding frå soknet.

Mange av aktivitetane til Hareid sokn skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar dag gjennom heile året.