Hareid kommune har fått god respons på jobbane dei har lyst ut i vinter.

Det er heile 48 søkjarar på lærarstillingar i kommunen, ni menn og 39 kvinner.

Det har kome 30 søknader til stillingar som fagarbeidar/assistentar i skulen. Her er det 24 kvinner og 6 menn.

Det har også vore lyst ut jobb som barnehagelærar. Her har det kome inn 8 søknader, alle frå kvinner.

Det har kome inn 28 søknader på jobb som fagarbeidar/assistentar i barnehage, 2 menn og 26 kvinner.

NAV har søkt etter ein jobbspesialist for rekruttering og fått inn 39 søknader. Her er det 9 menn og 30 kvinner som har søkt.

Det har kome inn heile 85 søknader på ferievikariat innan velferd, 15 menn og 70 kvinner.

Og det har kome inn 6 søknader på jobben som einingsleiar kommunal eigedom, ei kvinne og fem menn. Dei fem mennene er Øyvind Bjerkevåg Vassbotn (ingeniør), Kai-Ove Nesset (anleggssjef), Tore Martin Hansen (arbeidssøkjar), Frank Nykrem, (kalkulatør/seljar) og Endre-Johan Osa (leiande vaktmeister). Kvinna ville vere anonym. Ho er sjølvstendig næringsdrivande og frå Herøy.