Regjeringa deler ut 307,2 millionar kroner i øyremerka kroner til helsestasjons- og skulehelseteneste. Regjeringa har over fleire år satsa på å byggje opp eit godt lågterskeltilbod til born, unge og familiane deira. Regjeringa tenkjer at ei sterk satsing på helsestasjonane og skulehelsetenesta er viktig for å førebyggje psykiske plagar mellom born og unge.

Ulstein kommune får 2,3 millionar kroner av denne summen. På Sunnmøre er det ti kommunar som får pengar: Giske, Herøy, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.

Giske kommune får 1,155 millionar, Herøy 343 000 kroner, Stranda 564 000 kroner, Sula 1,79 millionar kroner, Sykkylven 502 000 kroner, Ulstein 2,3 millionar kroner, Volda 270 000 kroner, Ørskog 276 000 kroner, Ørsta 870 000 kroner og Ålesund 5,7 millionar.

Tildelinga er eit resultat av budsjettforliket mellom dei fire borgarlege partia Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

- Helsestasjonane og skulehelsetenesta gjer ein særs viktig jobb med å hjelpe born og unge som slit, og med å følgje opp kvinner og familiar o barselperioden. Eg er veldig glad for at kommunane byggjer ut dette tilbodet og satsar på born og unge, seier ststortingsrepresentant Marianne Synnes (H) i ei pressemelding.

Gledeleg

Leiande helsesøster i Ulstein kommune, Kristin Meli, er glad for at dei får friske pengar til helsestasjonen. Desse kronene kjem i tillegg til dei 3,2 millionane frå Helsedirektoratet.

Ho har lagt inn tre søknader, og veit ikkje førebels kven av søknadene ho har fått tilslag på.