Skrive av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Retten finn det bevist at det var den tiltalte mannen som tok seg inn i huset og soverommet til kvinna, før han tok tak i halsen hennar og tok kvelartak på henne.

Den tiltalte mannen har vedgått at han var rusa denne kvelden, men han har stor respekt for kvinner og nektar for at det var han som overfall kvinna.

DNA-bevis avgjerande

Eit overvakingskamera filma gjerningsmannen på veg inn og ut av huset. Videoen i seg sjølv er ikkje nok til å bevise at tiltalte var inne i huset denne natta, sjølv om kleda han hadde på seg liknar på dei mannen på videoen hadde.

Når retten meiner den tiltalte er skuldig, så er det lagt avgjerande vekt på at offeret sitt DNA er funne på buksa til tiltalte. Det er også funne fingeravtrykk på soveromsdøra til kvinna, noko retten meiner svekkjer tiltalte si forklaring. Det beviser at han har halde på døra inn til rommet. Skoavtrykk er også med i den samla bevisvurderinga.

Kvinna har forklart at gjerningsmannen på norsk sa at «det ikkje er vits å gjere motstand». Tiltalte har sagt at han ikkje kan noko særleg norsk, men retten finn ikkje grunn til å legge vekt på forklaringa hans. Det blir vist til eit vitne som snakka med han på norsk nokre veker tidlegare.

Skremmande og farleg

Retten finn ingen formildande omstende i saka. Dommarane meiner det er ei grov integritetskrenking tiltalte har gjort seg skuldig i, når heimen og soverommet der ein skal vere trygge, har blitt ein utrygg plass for kvinna.

Han utsette henne for ei svært skremmande og farleg handling. Ho var redd for livet sitt og innsåg at dersom ho ikkje skulle bli drepen, måtte ho prøve å kome seg laus på eiga hand. Ho fekk ikkje til å rope fordi kvelartaket hindra henne. Kvinna var også redd for å bli valdteken. Den store psykiske påkjenninga blir rekna som straffskjerpande.

Retten er delt i synet på kor lang straff mannen skal få. Den kvinnelege meddommaren støttar aktor og meiner rett straff er eitt år og to månader. Fleirtalet, dei to andre dommarane, har landa på ni månader fengsel. Til frådrag i straffa går 111 dagar i varetekt.

Mannen er også dømt til å betale 35.000 kroner i erstatning til kvinna.

Denne saka var først publisert med smp.no