Fylkesrådmannen legg fram årsrekneskapen for fylkesutvalet i april, og i det står det å lese at fylkeskommunen går i minus.

- Fylkeskommunen brukte i 2017 meir enn vi fekk inn i inntekter, og på sikt er ikkje dette berekraftig, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

- Vi bør ha ei målsetting om eit positivt netto driftsresultat, for å bygge opp reservar eller til investeringar. Dei siste åra har Møre og Romsdal fylkeskommune hatt eit netto driftsresultat som har lege godt under landsgjennomsnittet for fylkeskommunane, seier Guttelvik.

Fylkeskommunen sitt rekneskapsmessige resultat, som er avviket mellom budsjett og rekneskap, viser eit mindreforbruk i forhold til budsjett på 133,9 mill. kroner for 2017. Det er 43,3 mill. kroner mindre enn i 2016.