(NPK-NTB): Slettan er professor ved Universitetet i Agder, og forskar mellom anna på kuldetoleransen til den berykta parasitten.

– Flått produserer stoff i kroppen som beskyttar cellene mot frost. Det gjer at sjølv om temperaturen fell til frysepunktet, vil ikkje cellene fryse til is. Dei kviknar til når temperaturen stig. Men blir det kaldt nok – og over lang nok tid – døyr den, seier han til NTB.

Flåtten grev seg ned i visna gras, blad og barnåler for å overleve vinteren. Sprengkulda som har herja i store deler av landet, har ikkje vore gunstig for flåtten, ifølgje Slettan.

– Men i tillegg til at det har vore sprengkulde, har det også vore godt med snø, som dannar eit beskyttande, isolerande lag over bakken.

Nok av flått

Det hadde vore verre for flåtten utan så mykje snø.

– Under snøen tek ikkje kulda så godt. Så sjølv om mange flått bukkar under gjennom vinteren, vil det vere nok av flått eit stykke utpå vårparten att, slår forskaren fast.

Når temperaturen stig, krabbar flåtten opp til overflata. Dermed er den på veg tilbake fleire stader i landet.

Liker fukt

Om ein vil unngå flått denne sesongen, bør vi håpe på tørt vêr utover våren og sommaren.

– Når flåtten er aktiv – det vil seie når den sit i graset og ventar på eit dyr den kan feste seg til – er det verst for flåtten om det er tørt i vêret. Flått er avhengige av høg fukt for å klare seg. Derfor finn du mest flått der det er litt fuktige omgjevnadar, litt høgt gras og småbusker som gir skugge, stader som ikkje er for utsett for direkte, uttørkande, sollys, seier Slettan.

Han fortel at flåtten også trivest godt i tett skog med blanding av ulike lauvtre som gir skugge, og eit lag av visne blad på bakken som held godt på fukt.

Rekord

Fjoråret blei eit rekordår i talet på registrerte tilfelle av alvorleg borreliose etter flåttbit.

Totalt blei det registrert 430 tilfelle, det høgste talet sidan dagens meldingskriterium blei innført i 1995.

Blant dei som blir bitne av flått får rundt 2 prosent bit som fører til sjukdom. Berre rundt 10 prosent av desse tilfella utviklar seg til ein meir alvorleg borreliose, ifølgje Flåttsenteret.