– Nei, meinte ordførar Knut Erik Engh (Frp), som rekna med at dei andre kommunane ville auke gjelda si, slik at Ulstein fekk møte dei på halvvegen.

Dei matematiske innspela fall då kommunestyret godkjende den FrP-framsette saka ”Etablering av økonomiske styringsindikatorar”.

– Indikatorane, som skal hjelpe Ulstein-politikarane til å halde tunga økonomisk beint i munnen i åra framover, må ikkje bli ei tvangstrøye, sa fleire representantar.

I styringsindikatorane står det bl.a. at netto driftsresultat skal vere minimum 1,75 % av brutto driftsinntekt. For investeringar der låneopptak inngår i finansieringa skal eigenfinansieringa vere på minimum 20 prosent.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) sa at målsetjinga var at Ulstein kommune innan 15 år skulle ligge på ei netto lånegjeld per innbyggar som var lik snitten i Møre og Romsdal.

Egil Ulfstein (H) frykta at indikatorane lett kunne føre til at ein greip til auke i eigedomsskatten for å få inntekter nok til å halde tritt med utgiftene. Han åtvara mot at indikatorane vart absolutte.

Engh (Frp) avkrefta at indikatorane var tenkt slik. I staden ville handlingsrommet til å fjerne eigedomsskatten bli større. – Det er i alle fall vår intensjon, la han til. I staden for ei tvangstrøye ville han kalle opplegget meir som ”nokre lodd om føtene”.

Eldar Knotten (V): – I dag ligg Ulstein på 194 prosent i gjeld (100 prosent er gjennomsnitt). Skal vi ned på snitten i løpet av 15 år, blir det å redusere med 50 millionar i året. – Då har vi i alle fall mange mørke kveldar å sjå fram i, meinte han.

Lisa Mari Breivik Anderson (SP) åtvara mot alle ad hoc-sakene som kom frå administrasjonen utanfor budsjettet.

Ivar Mork (AP) sa seg usamd med Andersson. Det var administrasjonen sin jobb å kome med forslag. – Administrasjonen må ikkje slutte å vere så proaktive – og så er det opp til oss politikarar å ta ansvar, sa han.

Steinar Torvik (KrF): – Eg vil seie som då eg var med eit lag i Norway Cup. Vi fann ut at det var viktig å ha ein plan når laget skulle opp på Ekebergsletta – viss ikkje vart det kaos – og så kunne vi endre planane dersom det vart nødvendig.

Lisa-Mari B. Anderson: – Administrasjonen skal sjølvsagt ikkje slutte å kome med prosjekt, men dei må få mest mogleg inn i budsjettarbeidet. Viss ikkje, blir det lett uoversiktleg og urettferdig.

Ordførar Engh (Frp) (til Knotten): – Gjelda i dei andre kommunane i fylket er på veg opp. Truleg er Ulstein ferdig med dei aller største investeringane no. Det vil gjere at snitten vil gå opp og Ulstein noko ned. Vi møtest kanskje på halvvegen.

Ottar Kaldhol (AP) oppfatta indikatorar som ei retning ein ønskte å gå. – Dei er ikkje hundre prosent. Eit vedtak varer så lenge det blir gjort eit nytt vedtak i forhold til det første vedtaket, minte han om.

Ulstein kommune har i dag ei gjeld på 1,26 milliardar kroner. Målet er å halde denne gjelda på same nivå dei ti neste åra.