Etter Hareid kommune hadde møte med Fjord1, Fylkeskommunen, Statens vegvesen, Norconsult og Mørenett om ombygging av Hareid ferjekai har Fjord1 sendt kommunen eit dokument med tilleggsopplysningar.

Dette dokumentet er på 51 sider.

På møtet oppmoda Hareid kommune søkjar om å greie ut andre løysingar for batteribankane. Fleire har reagert på at dei to bygga blir for dominerande ved sjøkanten.

Frå eitt langt bygg til to

Norconsult, som søkjer på vegner av Fjord 1, meiner at bygga ikkje vil bli så dominerande. Opphavleg ville dei ha eitt langt bygg som var 50 meter langt og 4 meter breitt. Det tekniske bygget inneheld trafoar, omformarar, koplingsanlegg, batteri og datarom. Det tekniske bygget må liggje nært ferjekaia på grunn av mykje kablar, mellom anna høgspenning.

Men eit langt teknisk bygg ville komme i konflikt med aksen frå rådhuset og sitjeplassane ved gangvegen ved sjøen. Difor delte dei bygget i to, med litt mellomrom i mellom. Då tar ein i vare aksen frå rådhuset, sitjeplassane og amfiet mot sjøen.

Dei tekniske bygga er også optimalisert og krympa, så eit bygg blir 16 meter langt og eit 23 meter. Det blir 39 meter til saman i staden for 50 meter.

Norconsult samanliknar storleiken på bygga med trailerar. Dei er omtrent like høge og lange (ein trailer er 19 meter lang og 4-4,3 meter høg). Det er denne løysinga det er søkt rammeløyve til.

Kledd i tre

For at bygga ikkje skal vere så synlege vil dei bli kledd i mørkt tre, med svarte beslag. Mørk farge gjer bygga mindre synlege. Dei vil også få saltak med skifer på taket.

12 meter høgt ladetårn

Der vil også kome eit 12 meter høgt ladetårn. Standardfargen på dette tårnet er kvitt, som ferja, men Hareid kommune har meldt frå om at tårnet bør dempast med ein mørkare farge. Eventuelt at det er mørkare nede og lysare oppe for å stå mindre i kontrast mot mørk sjø og lys himmel.

Fjord 1 og Norconsult vil jobbe vidare med dette for å gje tårnet ein farge som dempar inntrykket.

Andre tomter

Fjord1 vart bedne om å vurdere andre plasseringar av dei tekniske bygga. Dette skriv dei at dei gjorde tidleg i prosessen (hausten 2017). Eit alternativ kunne vere å plassere teknisk bygg bak ekspedisjonsbygget. Då kunne bygget liggje i riktig retning så det ikkje tok så mykje av sjøutsikta. Men dette er ikkje Fylkeskommunen sin eigedom, det er derimot grasarealet dei har søkt om å få byggje på.

Høgspentleidningar må i dette tilfellet gravast på tvers av bussterminalen og køyrebanen til ferja. Det vil bli konfliktar i bakken med annan infrastruktur (vat, avløp, overvatn og elkablar).

Eit minus med denne løysinga er at eit teknisk bygg vil liggje på ei sentral tomt som fortener ein publikumsretta funsjon, skriv Norconsult.

Ei anna løysing er at leggje det tekniske bygget på parkeringsplassen mot sjøen i staden for bak ekspedisjonsbygget, men det er heller ikkje på fylkeskommunen sin eigedom. Og desse alternativa strir mot reguleringsplanen.

Utfylling i sjøen

I møtet med Hareid kommune vart Fjord 1 bedd om å sjå om ei plassering i sjøen, anten flytande, nedsenka eller på ei utfylling, kunne vere eit alternativ.

Ferja treng ein sikkerheitsavstand på to ferjebreidder frå liggjeplassen ved kai for sikker manøvrering ved dårleg vêr.

Dei tekniske bygga skal ikkje kome bort til aksen frå rådhuset og mot sjøen. Desse omsyna er med å bestemme plasseringa.

Dyrt å grave ned

Å grave ned tekniske bygg i bakken er eit stort og fordyrande grep, skriv Norconsult. Det er berre 65 cm frå asfalten på biloppstillingsplassen (kote 2,3) til høgste springflo på kote 1,65). Golvet i teknisk bygg hamnar minst 4 meter under asfalten, eller 2 meter under middelvasstand.

Høgspentanlegget blir liggjande i eit bygg halvvegs nede i vatn. Om Åknesrenna går vil flodbølgja oversymje teknisk bygg. Det må etablerast sikre rømmingsvegar for teknisk personell som jobbar på bygget. Mørenett aksepterer ikkje nettstasjonar under vatn, så då må trafoen deira få stå oppå bakken. Det må også kjøleanlegget. Så over bakken vil trafoen, koplingsanlegget til Mørenett, to tårn for rømming og eit stort kjøleanlegg stå og vere godt synleg. Det er snakk om rundt 60 kvm.

Norconsult vil ikkje tilråd denne løysinga. Som er vanskeleg, kostbar og likevel synleg.

Ikkje tilrådeleg på flytande grunn

Norconsult ser det heller ikkje som ei god løysing å ha tekniske bygg på ei flytande innretning. Mørenett kan heller ikkje ha trafoen sin på ei flytande inretning. Det er også ein del andre ting som ikkje kan vere på ei slik flytande innretning, så dei må uansett ha ei bygning på land på 80-100 kvm.

Les også:

– Dei må finne ei anna løysing

– Det siste Hareid treng

Vil Fjord 1 verkeleg – med opne auge – gå baklengs inn i framtida?

Vegvesenet meiner batteribygga øydelegg utsynet til fjorden