Solbjørg Pilskog brukte livet i Gadjiwan Kamerun.  26. mars 2016 vart ho funnen medvitslaus utanfor huset sitt på misjonsstasjonen. 85-åringen fall på post.

Når folk i Gadjiwan snakkar om misjonæren som arbeidde i Kamerun frå 1961 til ho døydde i 2016, er det ingen som snakkar om Solbjørg. Men nemner du Wowoe, smiler folk breitt og kjem med gode historier. Sjølv valde ho å leggje vekt på at kallenamnet kan tyda «bestemor» eller «den store mora». Men «wowoe» har fleire tydingar. Det kan òg tyda ei eldre kvinne som er direkte i veremåten sin. Eit norsk synonym kan vere «kjeftesmelle».

- Det er nok nokon som vil kalle henne ei kjeftesmelle. Ordet kan òg tyde noko i nærleiken av «eksplosjon». Det er òg eit ord som kler henne. Men det tyder ikkje at ho ikkje var eit godt menneske. For oss vart ho ein kjær ven og reservetante for våre fire barn, fortel Konstanse Raen, tidlegare Kamerun-misjonær og ein av Solbjørgs næraste venner.

Ville døy i Kamerun

Etter det årlege sommaropphaldet i Hjørungavåg, hadde Solbjørg komme heim til Gadjiwan 17. desember. Men det var ikkje ei frisk «bestemor» som kom «heim». I Noreg hadde legane konstatert at ho hadde svulst på hjernen. Ulike handsamingsalternativ var vurdert, men verken legane i Bergen eller Trondheim ville operere henne.

– Solbjørg var klar til å døy i Kamerun. Ho hadde gjeve melding om at viss ho døyr der ute, skulle ho òg verta gravlagt der, fortel systera til Solbjørg, Kjellaug Ødegård (88), som bur i Langesund.

Tre timar på motorsykkel

Til trass for sjukdom og sviktande helse, la Solbjørg opp til eit tettpakka program i Gadjiwan. Ho var ikkje kommen hit for å kvile. Heime i huset hadde ho stadig gjester. Og når kyrkjelyden hadde samlingar i kyrkja, var Solbjørg på plass.

«Det er vanskeleg for meg å seia at eg ikkje kjem att, for eg har det så godt her. For meg er det godt at eg slepp snø og kulde i Noreg. Her får eg vera hos vener».

Dagboknotat 5. januar 2016

Torsdag 28. januar reiste Solbjørg og den trufaste hushjelpa hennar, Didi Julienne, på tur til Samelekti for å delta på eit kyrkjemøte. Denne byen ligg ein køyretur på tre timar fr Gadjiwan. Dei vart godt mottekne, fekk seng og mat. Men på laurdag braut bilen saman. I den steikande varmen måtte ho komme seg heim. Løysinga vart motorsykkel. I tre timar sat den sjuke 85-åringen på ein utrangert motorsykkel saman hushjelpa og sjåføren.

I dagboka skriv ho summarisk:

«Motorsykkelturen gjekk godt. Men eg er trøytt i dag. Tre timar på motorsykkel, 37 kilometer, på dårleg veg, tok på. Takker Gud for at alt gjekk godt».

Funnen utanfor huset

Etter den strabasiøse turen til Samelekti, tok Solbjørg det roleg. Men dagboka hennar vitnar om stor vilje til sosialt liv og omsut for folk i området.

Tidleg om morgonen 28. mars går Didi som vanleg opp til huset som ligg i utkanten av busetnaden. Frå framsida av huset ser ho at Solbjørg ikkje har opna døra til verandaen.

– Det var rart, ikkje slik det pleidde, fortel Didi. Litt undrande går ho rundt hjørnet. På baksida av huset finn ho den 85 år gamle misjonæren liggjande medvitslaus.

– Det var eit sjokk. Wowoe var alltid så sterk, seier Didi.

Didi finn eit telefonnummer til ein NMS-misjonær som ho ringjer. Deretter spring ho ned til landsbyen for å få hjelp. Ein av dei ho treff, er Loumbi Rebekka, som er leiar av den lokale «Kvinner for Kristus»-gruppa.

– Då eg fekk melding om at om at Solbjørg var medvitslaus, sprang eg dit så raskt eg kunne. Eg ville sjå om eg kunne hjelpe, seier ho.

Bønnemøte

Rebekka såg at ho ikkje kunne gjere noko medisinsk. Men ho hadde fått god opplæring av Solbjørg: Når ikkje anna nyttar, må vi be. Difor sat ho og nokon andre kvinner seg ved senga og bad om at den gamle misjonæren måtte koma til medvit igjen.

Ein bil hadde allereie starta frå Ngaoundéré for å henta henne. I Gadjiwan hadde Solbjørg sjølv sin eigen tilårskomne bil ståande. Planen var at dei to bilane skulle møtast på halvvegen. Men bilen som køyrde frå Gadjiwan braut saman etter berre 12 kilometer. Difor måtte bilen frå Ngaoundéré køyra 15 mil før dei kunne overta pasienten.

– Wowoe var delvis medvite på turen, fortel Doussi Batista, som var med i bilen som overtok sjuketransporten.

Vegen heim

Sidan dette var i regntida var vegane elendig, så turen til Ngaoundéré tok nærare åtte timar. Det var bekmørkt då bilen hasta inn på misjonssjukehuset. Etter få dagar vart Solbjørg evakuert - først med ambulansefly, saman med NMS-representanten Erik Bischler, til Gran Canaria. Det vart ho møtt av legen Lena Hüttner, som er sambuar med nevøen, Bjørn-Roar Pilskog.

– Vi visste jo at Solbjørg hadde svulst på hjernen. Ho var veik og noko forvirra, spesielt når alle rundt henne berre snakka spansk. Sjølv om ho ikkje var heilt seg sjølv, hadde vi god kontakt der på sjukehuset, seier Lena Hüttner, som på grunn av det ho kallar stivbeinte reglar hos forsikringsselskapet, ikkje fekk høve til å følgje Solbjørg heim.

Då Solbjørg endeleg kom til Ålesund, fann legene på sjukehuset raskt ut at det einaste dei kunne tilby henne, var lindrande handsaming. Difor vart ho overført til sjukeheimen i heimbygda.

– Ho sleit med hukommelse og røyndomsoppfatninga i dei vekene. Ho hadde ein stor vennekrets, så det var stadig folk på besøk. Sjølv ikkje etter over 50 år i Afrika var ho gløymt, fortel Lena Hüttner som seier at familien var glade for at Solbjørgs sjukeleie vart forholdsvis kort.

– Vi ønska jo ikkje at ho skulle døy, men eit menneske som er så fullt av energi og virkekraft passar ikkje på ein sjukeheim. Ho var klar til å reise til Himmelen, seier Lena Hüttner.

30 mai 2016 døydde Solbjørg Pilskog.

Mot Solbjørgs ønske

At Solbjørg vart frakta heim til Noreg, var ikkje etter hennar eige ønske. Ho hadde nemleg sagt at ho ønskte å gravleggjast i vigsla jord på kyrkjegarden i den byen som var hennar verkelege heim; Gadjiwan.

Men sidan Solbjørg ikkje var medviten, måtte ein følgje normal prosedyre når nordmenn vert sjuke. Difor vart ho transportert til Noreg. Alle visste at Solbjørg var sjuk, blant anna med kreft i hovudet. Sju år tidlegare var ho operert for lungekreft, fortel John Gunnar Raen.

No er det gått halvanna år sidan ho døydde. Konstanse og John Gunnar Raen er i Gadjiwan for å feire ei ny utgåve av nytestamentet på pere - det lokale språket. Gunnar Rangøy, han er einaste fulltidsmisjonæren som enno jobbar for NMS i Kamerun, er her i same høve. Saman med representantar for den lutherske kyrkja, som er den formelle eigaren av huset, har dei ein rydde- og overtakingsjobb å gjera.

60-talsheim

Av respekt for arbeidsgivaren sin, har Julienne ikkje sleppt nokon inn i huset sidan Solbjørg døydde. Ho visste at Solbjørg ønskte at John Gunnar Raen skulle delta i avviklinga av arbeida hennar. Når representantar for både kyrkja og NMS i tillegg er tilstade, låser ho opp dørene.

– Det var merkeleg å koma inn i huset. Alt stod slik som Solbjørg hadde forlate det. Vi rydda opp i papir, kasta det meste og tok vare på nokre personlege eignelutar. Så overtok kyrkja nøkkelen og huset, fortel John Gunnar.

Sjølv om det er rydda for viktige papir, er både inventar og utstyr med på å fortelje ei historia om Solbjørg. Innretninga er spartansk og ber preg av nøysemd. På spisebordet ligg ein brodert duk. På veggane heng det bilete, dei fleste reproduksjonar med motiv frå Noreg. I eit skatoll i stova står koppar og kar som Solbjørg hadde med seg då ho kom i 1961. Det heng òg ein kalender som er bladd fram til mars 2016.

– Når eg er i dette huset, ventar eg at Solbjørg skal komme. Det er som om ho enno er her, seier Loumbi Rebekka.

Fem sysken

Historia om Solbjørg Pilskog byrjar på Hareid 4. desember 1930 . Ho vaks opp i ein søskenflokk på fem. Heilt frå ho var lita, var ho sikker på at ho skulle verta misjonær.

– Ho tenkte at ho enten måtte verta lærar eller sjukepleiar for å reise som misjonær. Men sidan ho ikkje hadde songstemme, ville ho ikkje verte lærar. Difor vart ho sjukepleiar. Ho gjekk òg på misjonsskolen for kvinner, fortel Kjellaug Ødegård.

– Korleis reagerte familien på at ho skulle reisa til Kamerun som misjonær?

– Det var det ingen som hadde noko med. Når Solbjørg hadde avgjort noko, så gjennomførde ho det, fortel Kjellaug, som hadde eit nært tilhøve til systera si. Dei første åra etter at Solbjørg reist til Kamerun, skrev dei to systrene brev. Seinare vart det mest til at dei ringte.

Likte folket

Då NMS antok Solbjørg Pilskog som misjonær i 1961, vart ho plassert i Kamerun. Etter ti år med eit noko omflakkande i tilvære i landet, kom ho i 1974 til Gadjiwan.

– Frå første bel likte ho seg her. Det var ein helseklinikk i byen, der ho kunne arbeide. I periodar var det òg norske misjonslegar i byen. Men det viktigaste for ho var lokalfolkesetnaden. Ho likte dei, fortel Kjellaug. Ho var den første frå familien som vitja Gadjiwan. Det skjedde i 1980. Seinare var det mange familiemedlemmar som tok turen til Kamerun.

Blant dei var Bjørn-Roar Pilskog, som reiste saman med sambuar Lena Hüttner og deira to barn. Lena fortel om minnerike besøk.

– Det var ei oppleving å vitje henne og sjå det arbeidet ho var ein del av. Ho kjende jo alle i landsbyen, seier Lena, som medgjev at det kunne vere antydning til flaut å vera med Solbjørg på middagsbesøk hos misjonærkollegaene.

– Det var nemleg slik at før siste matbiten var eten, byrja Solbjørg å gjere seg klar til å gå. Slik strid jo mot vanleg høflegheit, men det tydde ikkje noko. I familien vår har vi det slik at når ein av oss går raskt frå middagsbordet, så seier vi at vi «tek ein Solbjørg», fortel Lena, som meiner at denne travelheten gjenspeglar Solbjørgs personlegdom; travel, energisk og sjølvstendig.

Landsbylege

Gadjiwan er ein avsidesliggande landsby. På helseklinikken til misjonen vart ho rask pytt og panne. Her kom blant anna kvinnene til helsekontroll med småborna sine.

– Å komme til Solbjørg på klinikken kunne vera ei spesiell oppleving. For der fekk vi melding viss vi gjorde noko gale. Med heilt klare ord fekk vi høyra dette. Det var ikkje alle som var like glade etter eit slikt besøk. Den nesten som ein eksplosjon når Wowoe gav melding om noko.

– Kva tenkte mødrene som fekk slike meldingar av henne?

– Det fleste måtte vel innrømma at ho hadde rett. Nokre hadde kanskje problem med at ho var så direkte, men alle var glade for hjelpa dei fekk, smiler Rebekka.

På grunn av heimeopphald og ansvar for foreldre, var Solbjørg i Noreg i periodar. Desse utnytta ho godt, blant anna ved å vidareutdanne seg til både helsesyster og jordmor. Når folk kom til konsultasjonar med henne på klinikken, stilte ho diagnosar som ein lege gjer.

– Eg kjenner best til ho som jordmor. Sjølv dramatiske og vanskelege fødslar måtte ho ordne opp i. Til tider var ho òg som ein kirurg, seier Konstanse, som hadde Solbjørg som jordmor då ho fødde dottera Gunhild i desember 1973 .

Turnerte med bibelbilete

Det meste av tida si brukte Solbjørg på helseklinikken i Gadjiwan. Men som misjonær nøgde ho seg ikkje med å vere helsesyster og jordmor. Ho reiste stadig på turnear.

– Ho var heile tida på jakt etter gode biletseriar som fortalde den bodskapen ho ville formidle. Ho var nok ikkje den beste til å finne slike seriar, men når ho kom til landsbyane vart det alltid fest. Sjølv med elendige lysbilete klarte ho å trollbinde tilhøyrarane. Ho var ein fantastisk forteljar, fortel Konstanse.

Trussel

Gadjiwan ligg i muslimsk område. I dette miljøet oppnådde den direktetalande norske misjonæren stor respekt, òg blant muslimar.

– Fleire av dei leiande muslimane i byen vart venene hennar. Ein gong var det faktisk ein av dei som kom til henne for å få forbøn. Ho var ein tydeleg kristen, samstundes tolererte og respekterte ho muslimane, fortel Konstanse.

Då islamistar byrja å terrorisera Vest-Afrika, vart òg delar av Kamerun trua. Det gjeld blant anna Gadjiwan. Ein delegasjon frå den militære tryggleiksstyrken i landet dukka difor opp hos Solbjørg. Dei tilbaud seg å setje ut væpna vaktar. Men slikt ville ho ikkje ha noko av.

– Solbjørg sa alltid at Gud ville passe på henne. Ho hadde ikkje bruk for væpna vaktar, fortel Konstanse.

Trekkfugl

Då Solbjørg Pilskog passerte pensjonsalderen, var det mange som forventa at ho skulle avslutta tenesta. Men Solbjørg hadde andre planar.

– Ho fekk norsk pensjon. For den kunne ho klare seg der ute. Difor heldt fram ho som frivillig for kyrkja og NMS. Ho var nøysam, så ho klarte å dekke både flybillett og opphald. Ho hadde òg noko til overs som ho delte med dei som trong det. Kvar haust trekte ho sørover, seier Kjellaug Ødegård.

– Kva tenkjer du om det?

– Det var noko ho sjølv bestemde. Men eg trur ho var viktigare for medmenneske der enn her heime, seier Kjellaug.

Dei siste åra hadde Solbjørg problem med å gjennomføre reisa til Kamerun åleine. Men sidan det stadig er nordmenn som reiser dit, ordna det seg alltid med eit hjelpande ferdafølgje.

Vegen vidare

Kva vil skje med det kvite huset i åra som kjem? Med Solbjørg sin død er det slutt på ein om lag 60 år lang periode for norsk misjon i Gadjiwan. Misjonsstasjonen er overteken av kyrkja i Kamerun, som har overlate hus og grunn til den lokale kyrkjelyden.

– Vi saknar misjonærane. Dei var venene våre. Vi kjenner oss forlatne no. Viss nokre nordmenn vil koma og bu her, er dei velkomne, seier Bakari Etienne, som var den første presten frå perefolket som vart ordinert etter at NMS byrja arbeidet sitt i området.

I pakt med ønsket frå Solbjørg Pilskog, vert no huset hennar overlate til «Kvinner for Kristus». Loumbi Rebekka lovar at dei skal ivareta arven etter beste evne.

– Viss eg skal antyde kva huset skal verta brukt til, vil eg tru at det kanskje kan verte eit senter for jenter. Her kan dei få forkynning og sosialt fellesskap. Dessutan kan dei få opplæring i strikking og hekling. Solbjørg var flink med handarbeid. Ho lærde opp mange av oss kvinner.

Det er ikkje berre «Kvinner for Kristus» som har fått ein «arv» etter Solbjørg. Ho hadde òg tanke for evangelisering. Difor kjøpte ho bil og sørgde for at ein mann fekk utdanning som bilmekanikar og sjåfør. Planen er at denne skal frakte evangelistar rundt.

– Solbjørg har lært oss om ansvar og om respekt for Guds ord. Av ho har vi lært at evangeliet må vidare. Det skal vi sørgje for, seier Didi Julienne.

Fortenestemedalje

Vi har forresten gløymt å nemne at det er fleire enn folk i Gadjiwan som sette pris på Solbjørg. Blant utmerkingane ho to i mot, er Kongen sin Fortenestmedalje i sølv, kvinneprisen for Ulstein og Hareid, Utmerkinga til rotaryklubben og kulturprisen i Hareid kommune. I 1997 skreiv Leiv Arne Grimstad bok om henne.

I huset Solbjørg hadde i Gadjiwan vart det òg funne ei dagbok frå dei siste månadene av livet hennar. Det første notatet er frå 7. august 2015 og det siste frå 17. mars 2016.

Her var Solbjørg Pilskog heime. I den kvitkalka misjonærbustaden i Gadjiwan budde ho fram til ho falt om i 1986. Biletet er teke i 2012. Solbjørg, lokalt kalla for Wowoe, brukte livet sitt i Kamerun. Kallenamnet kan bety både «Den store mor», «Eksplosjon» og «Kjeftesmelle». Foto: Lena Hüttner
Solbjørg i sitt ess - saman med barn og unge i Gadjiwan. Foto: Lena Hüttner
Som ein norsk heim på 1970-tallet? Misjonærbustaden i Gadjiwan fortel både om kvar bebuaren kom frå, om tida ho etablerte seg og om evnene hennar med hendene.
Leiaren av den lokale kvinnegruppa «Kvinner for Kristus», Loumbi Rebekka og Kamerun-misjonær Konstanse Raen framfor huset til Solbjørg Pilskog i Gadjiwan. Kvinnegruppa har, i pakt med Solbjørg sitt ønske, overteke huset.
I skapa i huset til Solbjørg står framleis koppar og kar ho hadde med seg då hun kom frå Noreg til Kamerun i 1961.