Sjå Hødd sine seriekampar på Vikebladet.no

14. april serieopnar Hødd borte mot Stjørdals-Blink. Både den og dei 25 andre seriekampane til Hødd i 2.-divisjon kan du sjå direkte på Vikebladet.no.

Streamar alle kampane: Denne sesongen kjem Vikebladet Vestposten til å sende alle Hødd sine kampar i 2.-divisjon direkte på Vikebladet.no. Arkivfoto: Per Werkland.  Foto: Per Werkland

Nyhende

Denne sesongen kan Vikebladet Vestposten sine abonnentar sjå alle Hødd sine kampar i 2.-divisjon avdeling 2 direkte på Vikebladet.no.

Vikebladet Vestposten har kjøpt rettane til å vise både heime- og bortekampane der Hødd er involverte. Dermed blir det veldig enkelt for lokalavisa sine abonnentar å følgje dei blåkvite sine kampar, både frå Høddvoll og frå dei 13 ulike bortearenaene laget skal spele på i løpet av sesongen.

Populært tilbod

Redaktør Linda Eikrem er svært fornøgd med at avisa sine abonnentar får tilgang til alle Hødd sine kampar på Vikebladet.no og gler seg til sesongstarten i april.

– Eg er veldig glad for at vi kan gje abonnentane dette tilbodet. Årets sesong vert svært viktig for Hødd, og streaminga gir Høddtilhengarar høve til å følgje både heime- og bortekampane, fortel redaktøren.

Heimekampane til Hødd vil bli kommentert av Hermann Ekeberg og Erling Ytterland.

– Streaming av fotballkampar er eit populært tilbod hos fleire nettaviser, og noko Vikebladet Vestposten lenge har hatt lyst til å få til. I år baud sjansen seg gjennom eit samarbeid med Sunnmørsposten. Fotball er eit viktig stoffområde for lokalavisa, og streaming av Hødd-kampane vil vere eit flott supplement til sportsdekninga vår, seier Linda Eikrem.

For å få tilgang til Hødd sine kampar på Vikebladet.no må ein ha eit abonnement på Vikebladet Vestposten og ein må ha oppretta ein digital brukar. Då får du tilgang til alle dei 26 kampane Hødd spelar i 2.-divisjon denne sesongen.