Namnet SpeedKing har dei sjølvsagt tatt frå ein av dei klassiske rockelåtane til eit av 70-talet sine store band, Deep Purple. Peter Demirov er mannen bak SpeedKing.

- Som 16-åring var eg i eit band som spelte Deep Purple. Sidan har eg drøymt om eit eige Deep Purple-band. No er eg 60, og barndomsdraumen går i oppfylling, seier Demirov.

Organisten i Deep Purple, Jon Lord, var den store helten i barndomen.

- Ein fantastisk allsidig musikar. Og i dag skal eg vere Jon Lord, sa Demidov før debuten på Musikalsk Oase på Ørsta kulturhus.

Med seg i bandet har han Dan Åsebø (gitar), Martin Foldal (bass) Roberth Lien (trommer) og ikkje minst viktig: Trygve Sætre som vokalist, med karakteristiske høge tonar på repertoaret.

- Vi har ikkje øvd så veldig mykje, men det er kjempegøy, og vi håper å spele fleire konsertar, seier Demirov.

Og publikum var med. For det er ikkje så ofte at klassikarar som "Women from Tokyo", "Black Night" og "Speed King" er å høyre på lokale scener.

Baarelaget

"Fergemann på veg", "Blide Mannj" og "Slike dagar som i dag" derimot er kjente tonar for dei fleste som var på Musikalsk Oase.

Men Sunnmmøre Bårelag leverte varene denne gongen også, med to opplagde frontfigurar Kjell-Rune Klubbenes og Kyrre Grimstad, begge involverte som bakmenn for Musikalsk Oase.

Dei andre banda på scena var Listen to the Band, BroadLine og Tightrope.

Musikalsk Oase er arrangert av gjengen bak Bratt og Blått, som også arrangerer Trandalblues. Etter besøket å dømme er dette eit populært titak, som ser ut til å ha blitt ein tradisjon.