Livet går ikkje alltid slik ein håpar og trur, det har Jens Stangeland fått erfare. Stangeland, som er oppvaksen i Ulsteinvik, vart sjuk og måtte slutte på sjøen.

– Kva no, tenkte eg.

Husbåtreiaren set seg endå betre til rette i godstolen i stova om bord i husbåten «Bombus» og kastar eit blikk ut dei store vindaugsflatene som er vendt mot sjøbudmiljøet på Geileneset. Berre styrepulten i bakgrunnen minner oss at vi er i ein båt.

I tenkeboksen på Gran Canari

Etter å ha budd eitt og eit halvt år på Gran Canaria, bestemte han og sambuaren seg for å realisere ein gamal draum, å kjøpe ein husbåt. Dei selde unna alt dei eigde og investerte i ein flytande heim.

– Det var ein lang prosess før vi enda opp her. Vi var i kontakt med fleire husbåtprodusentar, men det var først då vi kom over ein produsent i Polen som sa han kunne gi oss akkurat det vi ville ha, at planleggingsarbeidet skaut fart, seier Stangeland som samen med sambuaren har teikna og fundert ut utforminga på heile overbygget, frå rominndeling til fargesetjinga.

– Namnet på båten, «Bombus», er det latinske ordet for humle, eit insekt eg verkeleg har sansen for. Fargevalet i gult og brunt gjenspeglar dette, forklarer han.

Vassboren varme

Å ha det varmt og godt om bord var viktig. For å varme opp båten si grunnflate på omtrent 50 kvadratmeter nyttar dei vassboren varme. I tillegg er stova utstyrt med ein vedfyrt peis. Solcellepanel på taket syter for elektrisk kraft, i tillegg til landstraum og eit aggregat om det skulle vere nødvendig.

I tillegg til stove og kjøkken finst det to bad, eit soverom og eit gjesterom om bord. Båten har også ein relativt stor takterrasse.

Ein solid motor var også viktig og i det indre av husbåten er det installert ein John Deere-motor på 200 hestekrefter.

– Vi kan oppnå ei toppfart på 9,5 knop, men marsjfarta ligg på fem. Dieselforbruket ligg då på fire liter i timen, så det er ikkje der vi har dei største utgiftene.

Rundt 110.000 kroner i året kostar det å halde husbåten i drift. Ein ny husbåt av denne standarden vil ligge på 3,5 millionar.

Einaste sjøgåande i Europa

– «Bombus» er den einaste sjøgåande husbåten i Europa. Skroget har C-klasse, noko som gjer det sertifisert for å takle ei bølgjehøgde på 2–3 meter.

Dei køyrde båten frå Polen til Noreg i fjor haust og har lagt ved kai i Horten denne vinteren.

– Horten har eit fantastisk og imøtekomande hamnevesen, rosar Stangeland. I alt var det 26 overvintrarar i hamna i Horten.

Turen langs norskekysten til Ulsteinvik brukte dei ei veke på.

– Vi var svært heldige med vêret og hadde vinden i ryggen heile vegen.

Jens Stangeland budde i Ulsteinvik frå han var 2–3 år gamal til han flytta her ifrå som 19-åring og han reknar seg frameis som ulsteinvikar.

– Huset vårt var mellom dei øvste i Bugarden og folk tykte vi var galne som ville bu der.

I påska døydde mor hans, Edith Stangeland, og dette er årsaka til at dei no er i Ulsteinvik.

– Draumen er viktig

Dei kjem til å halde seg i området rundt Ålesund nokre månader framover, men til sommaren går turen sørover att.

– Det er viktig å ha draumar, for utan draumen har du ikkje noko liv. No er husbåt-draumen oppfylt, men vi har snakka om å reise nedover kanalane i Europa og følge Donau ut i Svartehavet, før vi legg turen ut i Middelhavet. Vi tek det som det kjem, seier han og trekkjer på skuldrene når vi spør kvar dei er om to år.

–Det anar eg ikkje. Og ikkje vil eg vite det heller!

«Bombus»: Båten har fått namnet «Bombus» - «humle» på latin. Med unntak av skroget er det Jens Stangeland og sambuaren hans som har planlagt alle detaljane når det gjeld overbygget og dermed fått ein skreddarsydd flytande heim. Foto: Jorulf Myrene