Kvar sundagskveld benkar rundt 700 000 sjåarar seg framfor fjernsynet og får servert vakre bilete frå Ulstein og omkringliggjande nærmiljø gjennom dramaserien «Heimebane».

Vil fleire turistar kome til Ulsteinvik for å sjå heimkommunen til den fiktive fotballklubben Varg? Og kva slags turistar vil serien trekke til seg?

Ulstein Næringslag har tru på at TV-serien vil trekkje fleire folk til Ulstein. Dei har tatt kontakt med avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda for å høyre om dei kan vere interesserte i å forske på effekten av «Heimebane».

– Målet er å utvikle destinasjon Ulstein som turistmål. Ved å kartlegge effekten av «Heimebane» kan ein igjen utvikle Ulstein til eit betre turistmål, forklarer Leif Ringstad, som sit i styret til Ulstein Næringslag.

Hotellsjef Erik Lystad sit også i styret til næringslaget og var med på sonderingsmøtet. Det er førebels for tidleg å seie om det kjem fleire turistar til Ulsteinvik på grunn av serien, men han har merka ei interesse mellom gjestane han har buande på Quality Hotel Ulstein. Dei spør gjerne kvar ulike ting i serien er, som restaurant Værbitt og dei ulike husa som er med i serien.

Ved å finne ut kva turistane som kjem til Ulsteinvik er ute etter, kan hotellet og resten av næringslivet betre leggje til rette for det.

Grethe Mattland Olsen, førstelektor ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag, kan tenkje seg å kople inn studentane til å spørje turistane om kvifor dei kjem hit og kva dei er ute etter.

Bjørn Gunnar Tafjord, seniorrådgjevar, seier at dei kan sikte på å setje i gang noko av datainnsamlinga i løpet av sommaren.

Har NRK på laget

Dramaavdelinga til NRK har stilt seg positive til denne forskinga, dei vil også bidra.

Det er første og einaste gongen dei har namngjeve lokasjonen på det viset i ein dramaserie. Dei er også spente på kva effekt det vil gje.

Det er aktuelt å selje serien til utlandet, kva vil det få å seie som Ulsteinvik som turistmål?

Om tre veker møtest partane til nytt møre for å leggje klarare planar for eit eventuelt forskingsprosjekt.

Heimebane: Mange følgjer med på historia om Helena Mikkelsen, Michael Ellingsen, Camilla, Adrian, Nils og Sissel Renate. Vil dette påverke Ulsteinsamfunnet? Skjermdump frå serien. Foto: Ingvild Aursøy Måseide